Korleis kan arbeidslivsaktørar i Sogn bidra til å motivere jenter til å velje teknofag, og sikre større deltaking i eit digitalt og grønt arbeidsliv?
Vi inviterer til idéverkstad! Denne gongen med arbeidslivsaktørane i Sogn.
Vestlandsforskning har teke initiativ til det spennande prosjektet “Teknojenter”. Hovudmålet med prosjektet er å utvikle gode praksisar her i Sogn som motiverer fleire jenter til å velje teknologifag og dermed auke mangfald og inkludering i teknologibransjen.
Ynskjer du meir informasjon om prosjektet, kan du lese om det her.
I mars arrangerte vi TeknoJentedagen på ViteMeir gjennom prosjektet Teknojenter, og i juni inviterte vi tilsette ved barnehagar, ungdomsskular og vidaregåande skule til en idéverkstad for å få deira tankar om rekruttering. No ynskjer vi å samle arbeidslivsaktørar i Sogn under Teknologiveka for ein ny viktig idéverstad.
Kvifor? Teknologifag spelar ein nøkkelrolle i utvikla av næringslivet i Sogn og resten av verda, og behovet for teknologikompetanse er aukande. Skal vi sikre verdiskaping og omstilling i det teknologiske og grøne skiftet, treng vi fleire unge, spesielt jenter, til å velje teknologirelaterte utdanningar og yrke.
Kven? Arbeidslivsaktørar i Sogn som treng teknologikompetanse og som kan vere med å inspirere og motivere jentene i regionen til å velje teknologifag.
Kor og når? 14. novemember frå klokka 09.00- 12.00 på Årdal Teknologipark.
Dagen vil innehalde:
nyttig informasjon om jenter i teknologi i Sogn
spennande felles arbeid og idéutveksling
avrunding med felles lunsj
Vi håpar arbeidslivsaktørar i Sogn ynskjer å delta på arrangementet for å styrke rekrutteringa til teknologifaga i framtida.
Meld deg gjerne på i skjemaet.
Håpar vi sjåast!
Spørsmål? ida@sognnaring.no / 92656975