Velkomen til frukostprat på Blix hotel torsdag 30. oktober frå klokka 07:30! Start dagen med ein sosial hotellfrukost og få litt fagleg påfyll innan berekraft. Vi startar det faglege innhaldet 08:00. Påmelding nederst på sida.
Vi har kome til det siste frukostmøte i Vik i 2025. Vi har fleire spennenade prosjekt og folk vi ynskjer å syne, så tema for praten er “godt og blanda”, då det er akkurat det det er:
Presentasjon av verkemiddelapparatet
Sogn Næring og Kunnskapsparken Vestlandet ynskjer å informere om moglegheitene som finnes for næringslivet - og dei fastbuande i Vik Kommune
Presentasjon av Villa Fresvik
Hugser du denne: https://www.sogn.no/bu-i-sogn-artiklar/fresvik-idyll ? Birgitte og Gjermund Kveno har no kjøpt den tidlegare eldrebustaden i Fresvik, og kjem for å fortelje om planane for bygget, og tankar kring samarbeid med andre lokale aktørar. Birgitte si mor er i frå Fresvik, så gründerane har derfor eit hjarte for bygda, med mange tankar om korleis Villa Fresvik også skal komme dei fastbuande til gode.
Sognaklynga- samla og stolt for Sogn
Sogneklynga er krafta som ynskjer å samle Sogn for å byggja stoltheit og engasjement i regionen. Hovudmålet er å gjennomføre to signalarrangement: Sognafest og Sognasmart. Etter vellukka gjennomføring i 2025, nærmar det seg no ein ny Sognafest i januar 2026. Sogn Næring ynskjer å fortelje meir om Sogaklynga og kommande Sognafest, og håpar Vik er godt representert på gallakveld i 30. januar.
Den berekraftige leiaren – nøkkelen til varig prestasjon og trivsel
Coach Adelaide Goodeve har hjelpt over 500 leiarar, profesjonelle og team til å prestere på topp utan å brenne ut. Ho deler korleis rett mindset kan gjere leiarar meir motstandsdyktige, energiske og glade – og skape berekraftig leiarskap i praksis.
Adelaide Goodeve er ein sertifisert høgprestasjon- og mindsetcoach som har hjelpt over 500 leiarar, profesjonelle og team til å oppnå topp prestasjon og god helse i krevjande miljø – utan å brenne ut eller ofre relasjonar og lidenskapar. Ho vil dele historia om ein leiar i eit grønt energiselskap som stod ved eit vegskilje mellom sjukemelding eller oppseiing, men som gjennom rett verktøy fann kraft til å leie ei større omstrukturering med energi, tryggleik og glede.
Du kan ikkje bygge ei berekraftig framtid på å vere utmatta og overvelda – men med dei rette mentale verktøya kan du prestere på topp med motstandskraft, positivitet og overskot.
Velkomen til en hyggeleg start på dagen!