Vi gjentek suksessen - Eit bransjetreff innanfor økonomi og administrasjon. Er du ei bedrift i Sogn som er gira på å bli kjent med framtidas jobbkandidatar? Denne dagen er for dykk!(Påmelding i skjemaet nederst på sida)
Økonomidagen som vart arrangerts for tredje gang og det har vært svært vellykka. Både studentar og bedrifter har gitt gode tilbakemeldingar. Dagen gir tettare kontakt, fleire møteplassar og høve til å bli betre kjende. Derfor inviterer Høgskulen på Vestlandet, Linjeforeininga for økonomi i Sogndal (ØKS), HVL Skape og Sogn Næring bedrifter i Sogn til Økonomidagen 2025 den 29. oktober klokka 14.30 på Høgskulen!
Bedriftene får møte studentar frå Handelshøgskulen i Sogndal. Studentane kjem primært frå bachelor- og masterstudia i økonomi og administrasjon, og bachelor i økonomi og jus, eiendomsmegling og bachelor eller årsstudium i reiseliv. Du kan lese meir om insituttet ved Campus Sogndal her.
I tillegg til nettverksbygging, får bedriftene syne sine jobbmoglegheitar for studentane. For eksempel praksisplassar, deltidsjobbar og/eller ein spennande jobb etter endt studium. Frå og med våren 2025 skal fleire studentar i praksis. Fagfelta studentane skal ut i er mellom anna :
Administrasjon og leiing
Bank og finans
Marknadsføring
Industri og innovasjon
Teknologi
Næringsutvikling
Konsulenttenester
Revisor og rekneskapsførarverksemder
Økonomi- og eller rekneskapsavdeling i privat eller offentleg verksemd
Forsikring
Reiseliv
Bedriftene er velkomne til å ha stand i lokalet. Vi utfordrar dykk også til å halde ein «bedriftspitch» på maks 5 minutt. Der får de fortelje kva jobbkandidatane får oppleve i di bedrift. I år har vi bedriftspitch fyrst slik at studentane kan få vite litt meir om bedrifta før dei kjem på stand. Det vil i tillegg bli servert mat og det blir mykje tid til å bli kjende med kvarandre og bygge nettverk.
Dersom de ynskjer bedriftspitch, gje beskjed til henrik@sognnaring.no innan 23. oktober.
Førebels program, 14:30-17.00:
Velkomen v. HVL, ØKS og Sogn Næring
Bedriftspitch (talet på påmeldte bedrifter vil vere med å avgjere lengda på bedriftspitch-økta)
Stands og mat (Vi sett av god tid til stands og mingling)
Avslutning
Disse bedriften var med i fjor
- Aider
- Deloitte
- Highsoft
- Norway`s Best
- Avery Dennison NTP
- PwC
- Sognekraft
- Lerum
- BDO
- Sparebanken Sogn og Fjordane
- Skatteetaten
- Hydro
- Sogndal kommune
- Luster Sparebank
- NAV
- Innovasjon Norge
- Accountor Økonomi Sogn AS
- AGTunnel
- Digdir
- Sogn Sparebank
- Azets
Meld deg på i skjemaet om du ynskjer å delta. (De mottar ein mail med meir info. NB: Sjekk søppelpost!). Det er ingen påmeldingsavgift. De kan stille fleire frå bedrifta om dykk ynskjer. Vi oppmodar bedriftene til å delta med tilsette frå ulike nivå i organisasjonen. Ved påmelding vil de få meir informasjon fortløpande.
PS! Påmelding for studentar kjem i eit eige skjema frå ØKS.
Har du spørsmål, eller ynskjer du meir informasjon? Ta kontakt med frida@sognnaring.no