Tilbake til alle arrangementer

FOLKA 2025


  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

FOLKA 2025

Korleis byggjer vi ein arbeidsplass der alle vil vere, og bli verande?

Aldri før har arbeidslivet romma eit så stort spenn av erfaring, forventningar og motivasjon som det gjer i dag. Fire generasjonar i arbeidslivet – frå dei erfarne babyboomerane til generasjon Z med blikket retta framover – utfordrar oss på leiarstil, kultur, kommunikasjon og teknologi. Korleis rekrutterer, engasjerer og held vi på dei rette folka, når behova og forventningane er ulike?

21.- 22. oktober inviterer vi deg som ønsker ny kunnskap om rekruttering til konferanse på Skei. Her får du konkrete tips og nye perspektiv på tvers av generasjonar – og kanskje eit lite skråblikk på din eigen leiarstil?

Stad: Grand Hotel Skei
Tid: 21. oktober kl. 11.30-16.00 og 22. oktober kl. 09.30-14.30.

Prisar for medlem/ikkje medlem:
Workshop med FAVNA: 2900/3900 inkl. lunsj, eks mva
Workshop med Nav: 1000/2000 inkl. lunsj, eks mva
Konferanse: 1900/2900 inkl. lunsj, eks mva

Er bedrifta di medlem hos ein av arrangørane, kjøper du medlemsbillett.

Konferansen vert arrangert av Framtidsfylket Vestland, NHO Vestland, Nordfjordkompaniet, Sogn Næring og Sunnfjord Utvikling.

Ønskjer du å overnatte? Bestill hos Grand Hotel Skei. Oppgje referansen "Framtidsfylket 21.-22. oktober" for ein god deal.

Vi kjem til å legge opp til nokre kjekke aktivitetar onsdag ettermiddag for dei som blir igjen på Skei etter dag éin. Ta med kollegaene dine, hev kompetansen og få eit sterkare team saman på FOLKA!

Dag 1: Workshop

På dag éin tilbyr vi to ulike workshoppar som du kan velje mellom:

Workshop 1: Korleis fremje ein god organisasjonskultur?

FAVNA Sogn
Ein god organisasjonskultur byggjer tillit, meistring og samspel og legg grunnlaget for både trivsel og resultat. Men kva kjenneteikner eigentleg ein god kultur på arbeidsplassen? Og korleis kan du som leiar eller tilsett bidra til å utvikle den? I denne workshoppen skal du få betre innsikt i kva som er drivarane for ein god organisasjonskultur, og konkrete verktøy du kan ta med deg i utviklinga av eigen arbeidsplass.

Les meir her

Workshop 2: Arbeid og psykisk helse

Nav Arbeidslivssenter Vestland
Psykiske plagar er vanleg i befolkninga, og særleg utbredt blant unge vaksne. Dei fleste er likevel i jobb. Kva kan fremje god psykisk helse i arbeid? Og kva er dei gode grepa for at tilsette skal kunne stå i arbeid trass helseplager? I denne workshopen får du ein smakebit frå kurspakka Sees i morgon, som er eit tilbod frå NAV Arbeidslivssenter.

Dag 2: Konferanse

Dag to er konferansedagen med leiande foredragshaldarar innan tre hovudtema: generasjonsleiing, psykologisk tryggleik og digital arbeidsplass. Lokale bedrifter og aktørar fortel korleis dei jobbar med desse tema.

Desse får du møte

Vigdis Austrheim

Vigdis Austrheim er ein erfaren leiar og dyktig formidlar. Dei siste åra har ho drive med leiar- og teamutvikling, og ho held foredrag om dei fire generasjonane i arbeidslivet og leiing av Generasjon Z. Med ei karriere på tretti år i IT-bransjen, frå gründer til toppleiarroller både nasjonalt og internasjonalt, har Vigdis opparbeidd seg ei unik innsikt i endringsprosessar og leiing.

Kjetil Krogstad

Du har kanskje sett han på sosiale medium, dansande med ein kaffikopp i handa? Forresten, skrot «kanskje» – du har garantert sett han. Kjetil Krogstad er ein profesjonell gledesspreiar og har med sine over 675 000 følgjarar blitt kåra til ein av Noregs største influensarar på Instagram. Men visste du at han også har bakgrunn og utdanning innan leiing?

Kristin Westrang Aas

Kristin Westreng Aas er ei av dei mest profilerte stemmene innan rekruttering på LinkedIn for tida, og forfattar av boka «Tiltrekk flere – ansett bedre» som mang ein rekrutterer nok har på pulten sin i skrivande stund. Med ein ærleg, direkte og engasjerande stil utfordrar ho det etablerte og løftar fram både dei gode grepa og dei vanlegaste fellene i moderne rekruttering.

Tor Erik Danielsen

Korleis skapar vi eit arbeidsmiljø der folk blir friskare av å gå på jobb? Tor Erik Danielsen er fagsjef for arbeidsmedisin i Avonova og medforfattar av rapporten Norsk Jobbhelserapport. Han er lege med doktorgrad i epidemiologi og over tretti års erfaring frå arbeidshelsefeltet.

Kristoffer Hopsdal

«Du er muta!». «Vent litt, eg må berre finne eit stillerom». «Eg er forsinka, men koblar meg opp i bilen!» Høyrest det kjent ut? Den digitale arbeidskvardagen byr på både moglegheiter og utfordringar. Kristoffer Hopsdal er leiar for strategisk rådgjeving i ATEA, har nær 20 års erfaring frå teknologibransjen og jobbar med leiargrupper over heile landet for å utvikle løysingar for betre digitale arbeidsplassar.



Forrige
Forrige
16. oktober

Campusløpet 2025

Neste
Neste
29. oktober

Økonomidagen 2025