Tilbake til alle arrangementer

Campusløpet 2025

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Campusløpet 2025 – vi spring for TV-aksjonen!

For fjerde år på rad arrangerer vi Campusløpet i Sogndal, og vi håpar du blir med!
Onsdag 1. oktober inviterer vi bedrifter, studentar og andre sprekingar (eller ikkje så spreke) til å snøre på seg løpe/gå-skoa og støtte ei viktig sak.

Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen, og skal bidra til at menneske med funksjonsnedsetjingar som er ramma av krig og katastrofar får hjelpa dei treng. Pengane skal gi fleire tilgang til helsehjelp, hjelpemiddel som rullestol og protese, og støtte til utdanning og inntekt slik at dei kan delta i samfunnet på lik linje med andre.

Campusløpet er vårt lokale bidrag til den nasjonale dugnaden. Ved å delta viser vi både engasjement og samhald, og gjev samtidig ei viktig støtte til TV-aksjonen.

Det blir også sal av sveler samt årets beste lotteri. Alle inntektene går til TV-aksjonen.

Løpet er opent for alle, og du kan springe, jogge eller gå. Det viktigaste er å delta!

Når: Onsdag 1. oktober
Kvar: Fosshaugane Campus, Sogndal - utanfor SAMAN kafeen
Kvifor: For å støtte Atlas-alliansen gjennom TV-aksjonen 2025

Gå til SPLEISen for å donere ynskja beløp. Donasjon er einaste påmelding:) https://www.spleis.no/project/447742

Forrige
Forrige
2. oktober

Frå budsjett til handlingsrom: Beyond Budgeting

Neste
Neste
21. oktober

FOLKA 2025