Tilbake til alle arrangementer

Jobb- og laussnøjakt på Fjellsportfestivalen!

  • Sogndal skisenter - Dalalåven 240 Hodlekvevegen Sogndal, Vestland, 6857 Norway (kart)

Nysgjerrig på livet i laussnøbygda? Få deg ein kaffikopp, frukost og sjokomjølk før ski, og bli kjent med bedriftene i regionen. Kanskje treff du din framtidige kollega i Dalalåven?

I Sogndal kan du finne draumejobben enten du er sjukepleiar, utviklar, kraftingeniør eller ikkje veit kva du skal bli når du blir stor. I Dalalåven møter du folk frå mange av dei spennande bedriftene i bygda.

Med seg i sekken har dei eit lass spennande jobbar, trainee-stillingar og skrøner om livet i laussnøbygda.

Stikk innom for ein kaffikopp, eller slå deg ned for ein matbit og få servert dei gode historiene frå folk som er gode til å balansere karriere og fritid (ski-tid). (les: avspaser når det dumper)

Bedriftene blir i Dalalåven fram til ca klokka 11, så her kan du stikke innom når beina treng ei pause

Arrangementet er gratis. Frukosten er servert kl 0900. Sjokomjelk, kaffi og frukost for deg som vart litt sein i går kveld. NB: kun til dei 70 første!

Vi set opp ein eigen buss frå Sogndal slik at du rekk dette arrangementet. Detaljar kjem.


Invitasjon til bedrifter:

Fjellsportfestivalen tiltrekker seg kvart år over tusen laussnø-hungrige folk frå heile landet. Mange opplever Sogndal for første gong. Kvifor ikkje gi dei ein god grunn til å bli verande?

Bli med på Fjellsportfrukost i Dalalåven, og nytt høvet til å slå av ein prat med potenselle nye tilflyttarar. Vi inviterer til ein lågterskel møteplass med kaffi, frukost og mingling. Folk kan komme innom for ein kaffikopp og ein prat før ski, eller stikke innom og prate med bedriftene når beina treng ein kvil.

Påmelding: Er du bedrift- meld deg på her! Bedrifter som allereie er samarbeidspartnarar av Fjellsportfestivalen må også melde seg på, men treng ikkje betale for stand.

For bedrifter som ikkje allerede er sponsor av Fjellsportfestivalen, kostar det 1000,- eks mva for å delta. Dette er med å dekke mat og kaffi for deltakarane.

Framtidsfylket sine tips til god stand:

  • Gode ambassadørar! Kven av dine tilsette er skikkelig engasjert og stolt over jobben sin? Tenk gjennom kven som er flink til å engasjere og glad i å snakke med nye folk.

  • Planlegg standen din! Kva vil de formidle, og korleis gjer de det? Skal de vise fram eit nytt produkt, dykkar kulaste prosjekt, eller den kjekkaste delen av kvardagen? NB! Det er liten plass, så tenk ein roll up.

  • Tenk langt fram! Har de ikkje ledige stillingar nett no? Fortel om det de kjem til å trenge i framtida. Treng de sommarjobbar? Traineestilling?

  • Ver imøtekommande! Vis interesse for dei som kjem innom.

  • Gjer avtalar! Følg opp dei som er innom, sett opp eit møte i etterkant eller inviter dei innom på besøk i bedrifta.

Enda meir nysgjerrig på Sogna-livet?

Det er fleire moglegheiter under Fjellsportfestivalen til å knytte nettverk med arbeidslivet i Sogn. Torsdag er det Fjellpitch på Campus, der du kan vere med som publikum. Torsdag kveld er det pizza og bedriftspitchar med Framtidsfylket, der du kan få nærare kjennskap til trainee-stillingane i regionen.

Tidligere arrangement: 22. februar
Fjellpitch 2024
Senere arrangement: 28. februar
Lunsj med påfyll: Fra ide til brettspill