Pitch din idé og kickstart gründer-karrieren under Fjellpitch 2024! Vinnaren stikk av med ein premie til ein verdi av kr 50.000,-

 
 
 
 
 

Vinnaren i av årets Fjellpitch vil lette kvardagen for bøndene

Dato: Torsdag 22. februar på Campus Sogndal

I år som tidlegare år arrangerer Kunnskapsparken Vestland, HVL Skape og Sogn Næring Fjellpitch under Fjellsportfestivalen i Sogndal.
Eit arrangement der deltakare får en gyllen anledning til å presentere sin idé forran ein dyktig jury, og publikum får ein inspirerande formiddag med både pitchar og foredrag frå gründerar som har lykkast! Arrangementet blir heldt på Campus Sogndal og er gratis for alle.

Er du den heldige bedrifta som stikk av med sigeren, vinn du ein premie til ein verdi av kr 50.000! Det er ein pakke som kjem utruleg godt med i ein oppstartsfase som gründer; gratis rettleiing frå Kunnskapsparken Vest & Sogn Næring, tre månadar kontorplass på FUS, kunsulent-tenester frå PwC & Gasta, og ikkje minst ein pengepremie på kr 20.000,- frå Sparebanken Sogn og Fjordane. I tillegg vil ein på førehand få god hjelp i utviklinga av pitchen sin, og dermed gode råd om korleis idéen kan seljast inn.

Det er viktig å understreke at Fjellpitch er eit lågterskelarrangement, der alle med ein forretningsidé kan melde seg på. Om du ikkje er den som vinner premien for beste idé, er sjansen stor for at du sit igjen med ein god erfaring og nyttige tilbakemeldingar på din idé.

Det er ikkje uvanleg at ein er usikker og nervøs på om idéen sin er god nok. I denne pitchekonkuransen søkjer du om påmelding, og dersom du får moglegheit til å delta i konkurransen, vil du få rådgjeving og hjelp til å utvikle ein god pitch til idéen din.

Om du sitter med ein idé du kunne tenke deg å få «ut der», hiv deg ut i det og meld deg på!

 
 
Premien blei eit «dytt» i realiseringsprosessen av Me Syr. Den finansielle støtta blei brukt til aksjekapital då selskapet blei stifta. Både rettleiinga og kontorplass på FUS har kome godt til bruk.
— Moa Terjesdotter - Vinnar 2023
 

Moa Terjesdotter vann fjorårets konkurranse med reperasjonstilbodet Me Syr, og har hatt eit travelt 2023 med mykje førespurnadar og oppdrag. Moa kjem for å fortelje korleis det første året har vore som gründer.

Vil du være med utan å pitche?

Arrangementet er opent for alle! I tillegg til pitchane blir det spennande foredrag med gründerar som har lukkast. Ynskjer du ein formiddag med inspirasjon, eller vil du heie på pitcherane? Meld deg på!


Årets arrangement vil også denne gong bli arrangert på Campus Sogndal og inkludera frukost.


Vel møtt!

 
 
 
 

I 2021 vant Heidi Aabrekk konkurransen på Fjellpitch med forretningsidéen sin om ei enklare og meir næringsrik løysning av sondemat. Ho fortel om at Fjellpitch var sjølve startskotet på den brattaste og raskaste læringskorga som eg har hatt i heile mitt liv”

 
 
 
Bli med på Fjellpitch! Det kan verkeleg få fart på den idéen som du har»
— HEIDI AABREK - VINNAR 2021
 

Program

De får historier frå gründerar som har lukkast både nasjonalt og internasjonalt, og dessutan ein spennande panelsamtale som rundar av arrangementet.

Torsdag 22. februar 2024

08:00-08:45 - Frukost og mingling

08:45-09:00 - Velkommen til Fjellpitch 2024

09:00-09:15 - Gründerhistorien - Mia Sande frå Omatte & Moa Terjesdotter frå MeSyr

09:15-09:30 - Gründerhistorien - Cecilia & Alexander frå Odelsgut

09:30-09:45 - pause

09:45-10:30 - Pitchekonkurranse

10:30-10:45 - pause

10:45-11:30 - Pitchekonkurranse

11:30-11:45 - pause

11:45-12:00 - Informasjon om dei gode hjelparene!

12:00-12:30 - Kåring av vinner fra Jury og avrunding med arrangørane

12:30 ______ Avslutning for tilskodarar 

12:30-14:00 - Nettverking og pizza samling for pitcherne

Fjellpitch 2024 er mogleg å gjennomføre takka vere sponsorane våre, Sparebanken Sogn og fjordane, PwC og Gasta!

 
 

Tid og stad
Fjellpitch 2024 blir arrangert på Campus Sogndal den 22. februar 2024 kl 08:00 til 13:00. 

Mat og drikke
Det blir servert frukost på starten av arrangementet. I tillegg er det naturlegvis kaffi og te samt litt snacks under arrangementet. Pitcherane får servert pizza på slutten av arrangementet.

Arrangørar
Fjellpitch blir arrangert av Sogn Næring, Kunnskapsparken Vestland & HVL Skape.

Påmelding
Arrangementet er gratis. Du kan melde deg på som pitchar ved å trykke her, eller tilskuar ved å trykke her!

Detaljar for pitcherar
Frist for påmelding er torsdag 15. februar 2024. Fullstendige retningslinjer for påmelding finn du her.