Sogn Sider- og Matfestival 2026 vart ein stor suksess!
Den første utgåva av Sogn Sider- og Matfestival er no gjennomført, og vi sit igjen med ei sterk kjensle av at dette er noko vi ønskjer og gler oss til å bygge vidare på.
Foto: Amalie Pop / Pop Production Films
I samarbeid med Studentskipnaden Saman, Studentsamfunnet i Sogndal og Sogn frukt- og siderlaug vart området rundt Meieriet fylt med lokal mat, sider, aktivitetar og folk i alle aldrar. Parkvegen vart stengd for trafikk og gjort om til ei levande gate med smakar frå regionen, medan det inne på Meieriet vart arrangert sidersmaking med produsentar frå Sogn.
Oppmøtet gjennom dagen var langt over det vi hadde turt å håpe på. Rundt 1000 menneske tok turen innom festivalområdet, og det vart seld over 600 smaksbongar til sidersmakinga. Også sidermakarmiddagen på kvelden vart raskt fullsett.
Det som gjorde størst inntrykk på oss, var kanskje kor godt festivalen fungerte som møteplass. Studentar, familiar, tilreisande og næringsliv møttest rundt same bord og i same gate. Det skapte ei heilt spesiell stemning gjennom dagen, og viste kor mykje liv som kan oppstå når ein opnar sentrum på denne måten.
Festivalen handla ikkje berre om mat og drikke, men også om samarbeid og om å løfte fram lokale miljø og initiativ. Eit viktig mål med arrangementet var å invitere fleire inn til Meieriet og vise fram huset som meir enn berre ein konsertscene. Gjennom samarbeidet med Saman fekk vi også vist fram Laben, som nyleg har fått eit stort løft og som frå sommaren av skal halde ope som kafétilbod. Vi håper dette er eit tilbod fleire no opnar auga for gjennom sommaren!
Vi opplever at festivalen traff noko folk har lyst på, nemleg uformelle møteplassar, lokal identitet og gode opplevingar samla på ein stad. Samtidig sit vi igjen med mange erfaringar og idear til korleis festivalen kan utviklast vidare.
Dette var første gong festivalen vart arrangert i denne forma, og vi har allereie byrja å evaluere både det som fungerte godt og det vi ønskjer å justere til neste gong. Ambisjonen er å vidareutvikle festivalen steg for steg og skape eit arrangement som kan vekse over tid.
Til slutt vil vi rette ein stor takk til alle produsentar, frivillige, samarbeidspartnarar og besøkande som bidrog til å gjere den første utgåva av Sogn Sider- og Matfestival til ei minnerik helg i Fjøra.
Desse produsentane møtte du i gaten:
Vikja kjøt
Yada Thaimat
Ellevilt
Veitastrond gardsysteri
Kim Rudi
Sæle frukt- og grønt
Li Ysteri
Borgund Chilli
Og desse siderprodusentane møtte du på Meieriet:
Amble Gard
Ciderhuset/Balholm
Luster fruktvin/Sørheim sideri
Lystig sider
Odelsgut
Skjolden sideri
Sognamost
Ølmheim siderhage