30 år med Balholm, lokal stoltheit og nye satsingar

Onsdag samla gjester frå heile regionen seg i Balestrand då Balholm inviterte til markering av 30 år med lokal verdiskaping, innovasjon og foredling av frukt og bær frå Sogn. Jubileumsfeiringa fann stad både på Ciderhuset og hos Balholm, med fagleg program, omvisingar og markering av nye satsingar for framtida.

Gjennom tre tiår har Balholm vore ein pioner innan lokalmat og drikke frå Vestlandet. Verksemda har vore med på å bygge opp interessa for norsk sider og foredla lokale råvarer til produkt som i dag er kjende langt utanfor Sogn. Med sterk forankring i lokale tradisjonar og høg kvalitet har Balholm blitt ein viktig ambassadør for både Balestrand og fruktnæringa i regionen.

Under jubileet fekk deltakarane mellom anna omvising i den nyrenoverte Balholm-butikken på Ciderhuset, før arrangementet heldt fram hos Balholm med presentasjon av prosjektet «Ta heile eplet i bruk». Her vart det også offisiell opning av nytt presse og tørkeanlegg, ei satsing som skal bidra til betre ressursutnytting og utvikling av nye produkt basert på lokale råvarer.

Markeringa vart også ei viktig milepåle for familieverksemda, som i år har gjennomført eit generasjonsskifte. Etter mange år med stor innsats har Åge og Eli Grete gitt stafettpinnen vidare til Gard og Tuba, som no skal føre Balholm vidare inn i neste kapittel.

Jubileet viste tydeleg kva som er mogleg å få til gjennom langsiktig arbeid, lokal verdiskaping og vilje til å satse. Balholm har gjennom 30 år vore med på å styrke både næringslivet, identiteten og omdømmet til regionen, og satsingane dei no gjer peikar vidare mot ei spennande framtid for både selskapet og fruktnæringa i Sogn.

Balholm har hatt ei nøkkelrolle i satsinga på Sider frå Sogn som Sogn Næring har vore så heldige å få vere med på. Me gratulere så mykje og gler oss til mykje fruktbart samarbeid i åra som kjem!

Sogn Næring gratulerer Balholm med jubileet og takkar for ein inspirerande dag i Balestrand!

Åge og Eli-Grethe feirar 30 år med suksess

Forrige
Forrige

Sognasmart 2026

Neste
Neste

Sogn Sider- og Matfestival 2026 vart ein stor suksess!