Første samling med Hender i Arbeid
Kreativitet, berekraft og fellesskap på Det Gule Huset
Denne veka gjennomførte vi første samling i prosjektet vårt knytt til ombruk, reparasjon og sosialt entreprenørskap. Samlinga vart arrangert på Det Gule Huset i Sogndal saman med kunstterapeut Julie Spangebu frå Sogn Kunstterapi.
Heile 13 deltakarar er med i prosjektet og nesten alle møtte opp til ei dag fylt med kreativitet, gode samtalar og stort engasjement. Deltakarane har ulike bakgrunnar, men felles for mange er interessa for handarbeid, redesign, reparasjon og skaparglede. Nokre ønskjer å utvikle hobbyen sin vidare, andre ønskjer å teste eigne produkt for sal eller få meir motivasjon og fellesskap i kvardagen.
Gjennom prosjektet ønskjer vi å skape ein lågterskel møteplass for menneske som står utanfor arbeidslivet eller som ønskjer å utforske nye moglegheiter gjennom kreativitet og handverk. Målet er å kombinere sosial berekraft med grøn omstilling ved å utvikle fleire aktivitetar og tenester innan ombruk, reparasjon og redesign.
Vi trur det ligg mykje verdi i å ta vare på ressursane vi allereie har, både menneskelege ressursar og materielle ressursar. Ved å reparere, sy om, redesigne og bruke ting på nytt kan vi redusere avfall og samstundes skape nye møteplassar, meistringskjensle og kanskje nye arbeidsmoglegheiter.
På første samling bidrog Julie med refleksjonar rundt kreativitet, skaparglede og korleis kunst og handverk kan vere ein måte å utforske både tankar, kjensler og identitet på. Ho har bakgrunn innan sosialt arbeid og kunstterapi, og brenn for å skape rom der folk kan uttrykke seg utan krav om prestasjon eller erfaring.
I eit intervju med Sogn Avis har Julie sagt at kunstterapi handlar om å bruke kreativitet for å utforske livet og bli betre kjend med seg sjølv. Ho meiner det aldri har vore større behov for møteplassar der folk kan snakke om psykisk helse, fellesskap og meistring, noko vi også kjenner att i dette prosjektet.
Vidare utover året skal deltakarane få vere med på fleire samlingar med både sosialt og fagleg innhald. Tema vil mellom anna vere berekraft, handverk, etablering av enkeltpersonføretak, marknadssal og utvikling av eigne produkt og tenester. Målet er å gi deltakarane ein trygg arena for å utvikle ideane sine og oppleve meistring saman med andre.
Dersom du har spørsmål om prosjektet er det berre å ta kontakt med Ida eller Karoline.