Sogn på Bergen Matfestival!
Førre helg var vi saman med produsentar frå Sogn på plass under Bergen Matfestival, med lokale smakar, gode produkt og historier frå matregionen vår.
Bergen Matfestival er ein viktig møteplass for lokalmatprodusentar frå heile Vestlandet, og gir høve til å møte nye kundar, skape synlegheit, knyte kontaktar og selje produkta sine.
For produsentane frå Sogn vart det nokre innhaldsrike dagar med mykje folk, strålande ver, godt sal og mange gode møte. Festivalhelga gav ei fin ramme for å løfte fram mat og drikke frå Sogn for eit stort publikum.
Gjeve prisar heim til Sogn
Festivalhelga baud også på ekstra god grunn til å feire. To produsentar frå Sogn vart heidra med gjeve prisar under Bergen Matfestival.
Haugen Gardsmat vart kåra til Årets lokalmatprodusent 2026. Juryen trekkjer fram verksemda som ein pioner innan lokalmat på Vestlandet, med særprega kvalitet, bruk av lokale råvarer og eit sterkt engasjement for å utvikle lokalmatnæringa.
Heit Geit frå Undredal Stølsysteri vart kåra til Årets lokalmatprodukt 2026. Prisen løftar fram eit produkt der generasjonar med ystetradisjonar og godt handverk blir kombinert med viljen til å utvikle og tenkje nytt.
Prisane er ei flott anerkjenning av arbeidet som blir lagt ned hos dei to produsentane, men bidreg også til å synleggjere kvaliteten og kompetansen som finst innan lokalmat i Sogn.
Gratulerer til Haugen Gardsmat og Undredal Stølsysteri!
Sider frå Sogn på Norsk Siderfestival
Som ein del av Bergen Matfestival vart også Norsk Siderfestival arrangert, med ei rekkje siderprodusentar frå Sogn på plass. Gjennom festivalhelga fekk publikum smake sider frå regionen og møte produsentane bak.
Det vart også arrangert fleire «Smak og prat», der fleire av siderprodusentane frå Sogn presenterte siderane sine. Her fekk publikum smake ulike siderar, møte produsentane og høyre meir om råvarene, handverket og historiene bak produkta.
Norsk Siderfestival er ein viktig arena for å synleggjere sider frå Sogn, dele kunnskap og gi produsentane høve til å møte både nye og kjende siderentusiastar.
Foto: Hege Skogen
Sogn rundt bordet
Festivalen vart avslutta med «Sogn rundt bordet», ei åtterettars matreise gjennom regionen, der lokale råvarer og sider frå Sogn stod i sentrum. Interessen var stor, middagen var utseld, og allereie ein halvtime før start stod folk i kø for å få plass rundt bordet.
Executive Chef Mantas Vaidelis og kokketeamet hos Norway’s Best sette saman menyen, med alt frå frukthage og sjøkreps frå Sognefjorden til geit, fjellørret, spisskål frå Bøtun, lokale oster og aprikos frå Lærdal. Til rettane vart det servert nøye utvald sider frå Sogn, sett saman for å utfylle smakane i maten.
I glasa fekk gjestene smake sider frå Skjolden sideri, Balholm, Odelsgut, Kroken Fjordgård, Amble Gård og Ølmheim Siderhage. Saman med råvarene på tallerkenen vart det ei flott synleggjering av både breidda, kvaliteten og handverket som finst i mat og drikke frå Sogn.
«Sogn rundt bordet» vart dermed ei passande avslutning på festivalen, og eit godt døme på kva som skjer når produsentar, råvarer, sider og kokkekunst frå regionen blir løfta fram i lag.
Foto: Hege Skogen
Sogn som matregion
Sogn har lange tradisjonar for produksjon av mat og drikke, men også eit produsentmiljø som stadig utviklar seg. Frå frukt, bær og sider til ost, kjøt og andre foredla produkt, finn vi både sterke tradisjonar og nye idear.
Møteplassar som Bergen Matfestival er viktige for å gjere produsentane meir synlege, skape nye marknadsmoglegheiter og bygge Sogn vidare som matregion.
For oss i Sogn Næring er det viktig å bidra til at lokalmatprodusentane får arenaer der dei kan vise fram det dei skaper, møte marknaden og knyte kontaktar på tvers av regionen.
Takk til alle produsentane som representerte Sogn under årets festival, og til alle som tok turen innom for ein smak og ein prat!