Nye eigarar styrkjer Sogn Næring som regional utviklingsaktør

Arbeidet med å utvikle Sogn Næring til eit regionalt utviklingsselskap for heile Sogn går framover. Dei første nye private eigarane er på plass, kommunane handsamar eigarskap fortløpande, og selskapet er i dialog med verksemder frå heile regionen.

Norway’s Best, Digital Etikett og Sognekraft er dei første private selskapa som går inn på eigarsida i Sogn Næring.

Målet med den nye eigarstrukturen er å gi Sogn Næring ei breiare regional forankring, både i næringslivet og blant kommunane. Selskapet skal vere tettare kopla til behova i næringslivet, samstundes som kommunane står saman som offentlege eigarar.

For Digital Etikett handlar eigarskapen mellom anna om kva aktørane i regionen kan få til når dei dreg i same retning.

«Kom saman og gjer kvarandre gode, sa min far Gudleik! Saman bygg me Sogn til ein felles reise-, bu- og arbeidsdestinasjon!»

Kjetil Hovland, Dagleg leiar Digital Etikett

“Norway's best Group ynskjer å bidra til utvikling av Sogneregionen som ein sterk bu- og arbeidslivsmarknad. Det å gå inn på eigarsida i Sogn Næring er eit ledd i dette. Vi trur veldig på ei sterkare samordning av næringsarbeidet i Sogn, og ser fram til å vere ein aktiv bidragsytar til Sogn Næring sine spennande mål og ambisjonar for utvikling av regionen. “

Per Brochmann, Direktør Norway’s Best

Samtidig går den kommunale prosessen vidare. Kommunane i Sogn tek fortløpande opp eigarskap i formannskap og kommunestyre. Ambisjonen er ein eigarstruktur der private verksemder til saman eig 70 prosent av selskapet, medan kommunane eig 30 prosent, fordelt med 5 prosent på kvar kommune.

Fleire eigarar vil vere med og byggje Sogn

Sogn Næring er no i dialog med verksemder frå ulike delar av regionen, og ønskjer fleire med på laget. Målet er å få ei brei eigargruppe som speglar næringslivet i Sogn, på tvers av geografi, bransjar og storleik.

Vi ser etter eigarar som ønskjer å bidra aktivt til utviklinga av regionen, og som ser verdien av å samarbeide om utfordringar og moglegheiter som går på tvers av kommunegrenser og bransjar.

Den nye eigarstrukturen skal bidra til at Sogn Næring blir tettare kopla på næringslivet, meir marknadsnært og betre rusta til å utvikle prosjekt saman med verksemdene i regionen. Samstundes ligg samfunnsoppdraget fast: Sogn Næring skal kople aktørar, utvikle idear og gjennomføre tiltak som gir varig verdiskaping i Sogn.

Er di verksemd interessert i å vere med på eigarsida og bidra til å bygge Sogn? Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat.

Ein spennande haust

For Sogn Næring markerer utviklinga denne hausten ein viktig milepåle etter fleire år med strategisk arbeid for å styrke selskapet og den regionale rolla.

«Dette er noko vi har jobba mot i mange år. Eg er imponert over styret som har jobba strategisk og målretta over tid, og stolt over teamet i Sogn Næring som har levert gode resultat, tatt initiativ og synt kva me kan få til ved å jobbe saman på vegne av regionen.»

«No gler eg meg til neste kapittel. Til å jobbe endå meir for å setje Sogn på kartet, løfte fram dei fantastiske bedriftene våre, bidra til at fleire startar og utviklar eigne selskap, at endå fleire får smaken på dei gode produkta vi lagar, og at fleire både besøker, kjem tilbake til og etablerer seg i Sogn. Det er dette det handlar om, å skape utvikling og få meir til å skje i Sogn.»

Line Bjelde, dagleg leiar i Sogn Næring

Vi ser fram mot 2027 med nye eigarar, regionalt nedslagsfelt og store ambisjonar for å få meir til å skje i Sogn!

Neste
Neste

Sogn på Bergen Matfestival!