Sognahuset gav Sogn ei tydeleg stemme i Arendal

24 arrangement, 74 innleiarar og over 1 000 gjester. Piloten Sognahuset viste kva vi kan få til når aktørane i Sogn samlar kreftene.

Under Arendalsuka ønskte vi å skape eit felles talerøyr for Sogn og distrikta. Målet var å synleggjere kompetansen, ideane og løysingane som finst i regionen, og løfte viktige saker frå Sogn inn på den nasjonale dagsordenen.

Det lukkast vi med.

Gjennom 24 arrangement samla Sognahuset stemmer frå politikken, forskinga, næringslivet og offentleg sektor. Blant dei politiske bidragsytarane var kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, statssekretærane Marte Haabeth Grindaker, Siri Hytten, Astrid Willa Hoem og Siri Martinsen, og stortingsrepresentantane Per Vidar Kjølmoen, Torbjørn Vereide, Vebjørn Gorseth, Sverre Myrli og Ove Trellevik.

Programmet tok opp tema som energi, klima og regional utvikling, kompetanse, reiseliv, digital beredskap og entreprenørskap.

Til saman bidrog 74 innleiarar frå scena, medan over 1 000 gjester tok turen innom Sognahuset.

Samarbeid gir gjennomslagskraft

Sogn manglar verken kunnskap, idear eller gjennomføringskraft. Men skal vi bli høyrde nasjonalt, må vi kople dei rette menneska, samle ressursane og løfte sakene saman.

Sognahuset vart ein felles arena og eit tydeleg talerøyr for regionen. Her fekk aktørar frå Sogn dele kunnskap, utfordre etablerte tankemønster og vise fram løysingar som er relevante langt utover vår eigen region.

Piloten vart gjennomført i samarbeid med Vestlandsforsking, Sognekraft, Høgskulen på Vestlandet, Sognaregionen og Norway’s Best. Kvar partnar bidrog med sin kompetanse, sine nettverk og sine perspektiv. Saman skapte vi eit program med breidde, aktualitet og fagleg tyngde.

Frå pilot til vidare satsing

Sognahuset var ein pilot, men tala og responsen viser at det både er interesse for og behov for eit tydeleg talerøyr for Sogn under Arendalsuka.

No tek vi erfaringane med oss vidare. Vi skal evaluere satsinga, finne ut kva vi kan gjere endå betre og utforske korleis Sognahuset kan utviklast i åra som kjem.

Neste
Neste

Vi samlar Sogn i Arendal