Sider frå Sogn er no beskytta geografisk nemning

Sogn markert på Grüne Woche i Berlin

I førre veke var Sogn representert i Berlin i samband med Grüne Woche, ei av verdas største og viktigaste møteplassar for landbruk, mat og drikke. Messa samlar regionar, produsentar og offentlege aktørar frå heile verda, og er ein sentral arena for å synleggjere lokalmat, kvalitet og opphav i ein internasjonal samanheng.

Under opphaldet i Berlin vart Sider frå Sogn offisielt tildelt status som beskytta geografisk nemning. Tildelinga fann stad under ei høgtideleg markering på Den nordiske ambassaden, og gir sideren frå Sogn det sterkaste vernet som finst for eit norsk mat- og drikkeprodukt.

Sognedelegasjonen i Berlin bestod av Stig Ove Ølmheim, ordførar i Sogndal kommune, Geir Arve Sandvik, varaordførar i Luster kommune, Dirk Kohlmann, Statsforvaltaren i Vestland, Benedichte Stedje frå Visit Sognefjord, Line Bjelde, dagleg leiar i Sogn Næring, samt siderprodusentane Åge Eitungjerde, Mette Marie Heiberg, Endre Kleiveland og Eli-Grete Høyvik frå Sogn Frukt- og Siderlaug.

På delar av programmet deltok også Anne Mette Johnsen og Nina Hegdahl frå Stiftelsen Norsk Mat, samt Bernt Bucher-Johannessen, dagleg leiar i Hanen.

foto: Stiftelsen norsk mat

Foto: Stiftelsen norsk mat

Eit kvalitetsstempel for heile regionen

Beskytta geografisk nemning inneber at all sider som blir seld under namnet Sider frå Sogn må vere produsert i Sogn, basert på lokale eple og lokal foredling. Ordninga er godt kjent i Europa, og plasserer Sogn i same kategori som etablerte mat- og drikkeregionar der kvalitet, tradisjon og opphav er juridisk verna.

For regionen betyr dette meir enn eit kvalitetsstempel på flaskene. Utmerkinga gir eit viktig grunnlag for vidare verdiskaping innan landbruk, reiseliv og lokal foredling, og styrkar Sogn si rolle som ei tydeleg og truverdig matregion, også i møte med internasjonale marknader.

Brei deltaking frå Sogn

Sognedelegasjonen i Berlin bestod av siderprodusentar, politisk leiing, reiselivsaktørar og næringsapparatet. Dagleg leiar Line Bjelde i Sogn Næring deltok som ein del av delegasjonen, og peikar på verdien av det langsiktige samarbeidet som ligg bak tildelinga.

I tillegg til markeringa på ambassaden deltok delegasjonen på den norske paviljongen under Grüne Woche, der Norge vart marknadsført saman med sterke regionar frå heile Europa. Erfaringane frå messa vil vere viktige i det vidare arbeidet med å styrke samanhengen mellom mat, reiseliv og regional utvikling i Sogn.

Ny nettside for Sider frå Sogn

I samband med tildelinga vart også den nye nettsida for Sider frå Sogn lansert. Nettsida samlar produsentane, historia og kunnskapen bak sideren, og gir ei oversikt over kva den geografiske beskyttinga inneber i praksis.

Les meir og bli kjent med Sider frå Sogn på den nye nettsida


Neste
Neste

Blir det eit pyrolyseanlegg på Kaupanger?