Blir det eit pyrolyseanlegg på Kaupanger?

Onsdag morgon samla Sogn Næring, saman med partnarar, næringsliv og fagmiljø, deltakarar til frukostmøte på ViteMeir på Kaupanger. Temaet var sirkulær ressursbruk, med vekt på pyrolyse, biokol og korleis lokale restressursar kan nyttast betre i framtida.

Bakgrunnen for møtet var ønsket om å kartleggje moglegheiter for betre utnytting av organisk restavfall frå mellom anna landbruk og industri. I dag går mykje av desse ressursane til forbrenning, men gjennom ny teknologi og nye løysingar kan dei i staden bidra til både karbonlagring, jordforbetring og lokal energiproduksjon.

På frukostmøtet fekk deltakarane innblikk i korleis pyrolyse fungerer som prosess, og kva rolle biokol kan spele i ei meir sirkulær verdikjede. Det vart òg sett dette inn i ein større samanheng, mellom anna gjennom avfallspyramiden, der materialgjenvinning og betre utnytting av ressursar ligg høgare enn rein forbrenning.

Det vart peika på at ulike typar biomasse eignar seg til ulike føremål. Material med høgare fuktigheit og lågare lignininnhald kan vere godt eigna til kompostering, medan tørrare materiale med høgt lignininnhald, som trevirke, flis og halm, er godt eigna for pyrolyse. Resultatet kan vere både biokol, biogass og varme, alt etter korleis anlegga er utforma.

Frå frukostmøte til lunsj med påfyll på campus

Etter frukostmøtet på Kaupanger gjekk Knut og Tor Andre frå Bioland vidare til campus, der dei heldt eit føredrag som del av arrangementet Lunsj med påfyll. Her gjekk dei djupare inn i teknologien bak biokolanlegg, energibalanse og praktisk bruk av biokol.

I føredraget vart det løfta fram fleire fordelar ved biokol, mellom anna at teknologien krev relativt lite areal, brenn reint og kan bidra til betre energisikkerheit lokalt. Varme som vert produsert i prosessen kan nyttast vidare, til dømes i bygg eller som alternativ energikjelde i lokale anlegg. Biokol kan òg nyttast til reinsing av gråvatn og som jordforbetring i landbruket.

Deltakarane fekk òg informasjon om rammevilkår og støtteordningar, mellom anna nye ordningar frå Enova, der det no kan vere mogleg å få inntil 45 prosent støtte til etablering av biokolanlegg.

Vidare arbeid

Både frukostmøtet og lunsj med påfyll synte at det er stor interesse for temaet, og at det ligg eit betydeleg potensial i å sjå restressursar som ein del av løysinga på både klima- og verdiskapingsutfordringar. Innspela frå møta vil vere viktige i det vidare arbeidet med å utforske konkrete moglegheiter for samarbeid, pilotar og nye prosjekt i regionen.

For å gjennomføre enegrikartlegginga, og dermed få eit fullstendig bilete av moglegheitane for å etablere eit pyrolyseannlegg på Kaupanger er vi heilt avhengig av at bedriftene samarbeidar og svarar på skjema vi sender ut til alle som er aktuelle. Skjemat ligg nederst på sida og sendast til karoline@sognnaring.no På førehand takkar vi for svar og om det er spørsmål til prosjeketet eller spørjeskjema så kan ein ta kontakt med Karoline Søvik Myklebust her.

Skjema til kartlegging

Last ned skjema til kartlegging her

Forrige
Forrige

Sider frå Sogn er no beskytta geografisk nemning

Neste
Neste

Takk for i fjor og velkommen nytt år!