No er søknaden open: Sogn Opportunity kull 26/27

Brukar du kompetansen din slik du eigentleg ynskjer her i Sogn? Om du har innvandrarbakgrunn, ein høgare utdanning eller fagbrev, og svaret på dette spørsmålet er nei- då kan Sogn Opportunity vere heilt perfekt for deg!

Mentorrogrammet har vore gjennomført ein gong tidligare i 24/25 med Sogndal kommune som prosjektleiar, der deltakinga var eit vendepunkt for fleire. Vi i Sogn Næring veit at regionen Sogn har eit stort behov for mangfald og internasjonal kompetanse og håpar du har lyst til å utforske dette med oss i 26/27!

Sogn Opportunity går frå juni til juni der du som deltakar mellom anna får:

  • Sosiale samlingar og nettverk med andre deltakarar og mentorar

  • Ein mentor med ein aktiv og sentral posisjon i Sogn

  • 6 fagsamlingar retta mot norsk arbeidsliv og det å vere ein atteraktiv arbeidstakar

  • Nytt i år: integrert norsskurs med ein svært låg eigenandel på 500 kr.

Søknadskriterium:

  • Ambisjon om å ta sentral posisjon i arbeidsliv og samfunn i Sogn

  • Fleirkulturett bakgrunn

  • Høgare utdanning eller fagbrev

  • Språknivå: A2

VI har plass til 12 deltakarar i kull 26/27, og du har no moglegheita til å søke om å bli ein av dei. Om du synes det høyres spennande ut, men har spørsmål får du ynskjer å søke er det berre å kontakte Ida på e-post eller på telefon 92656975

Søknadsskjema

Søknadsfrist 28. februar


Neste
Neste

Sider frå Sogn er no beskytta geografisk nemning