BlomkålBattle samla unge kokkar frå Sogn
Måndag 20. april møttest 9. klassinger frå Lærdal, Leikanger og Balestrand til finalen i kokkekonkurransen BlomkålBattle. Snart var kjøkkenet fylt av tempo, samarbeid og lukta av kreative blomkålrettar.
Tonje Torvanger, mat- og drikkeambassdøren for Sogn og sous-chef på Statholdergaarde i Oslo, og kokkelinja på Sogndal vidaregåande skule inviterte skulane i Sogn til kokkekonkurranse.
Oppgåva var open, men med eitt tydeleg krav: Blomkålen skulle ha hovudrolla. Elevane skulle lage ein vegetarrett der råvara verkeleg fekk skinne, både i smak, uttrykk og kreativ bruk. Korleis dei løyste det, stod dei fritt til å utforske. Resultatet vart eit imponerande spenn, alt frå krema suppe og smakfulle gratengar til kreative blomkålbiffar og moderne smårettar.
Totalt deltok 18 elevar, der dei jobba i lag på tre og hadde 90 minutt til å planlegge, lage og presentere retten på fire tallerkenar. Undervegs måtte dei vise breidde i teknikk, bruke fleire tilberedingsmetodar og balansere ulike smakar, samtidig som presentasjonen skulle løftast til noko meir enn berre eit måltid.
Rettene vart vurderte av ein jury etter kriterium som smak, bruk av blomkål, teknikk, presentasjon og hygiene. Juryen bestod av Tonje Torvanger – mat- og drikkeambassdør for Sogn og sous-chef på Statholdergaarden i Oslo, Mari Endresen - elev frå andre året på restaurant- og matfag, og Frøya Rydland Aase frå Sogn Næring. Nivået var jamt over høgt, og fleire av laga leverte gjennomarbeidde rettar med både gode smakar og tydeleg identitet.
Det var totalt fire kategoriar; første plass, beste hygiene, beste samarbeid og beste presentasjon. Førsteplassen gjekk til “The Click”, frå Balestrand, der premeien var eit ekslusivt kokkebesøk der Tonje og kokkelinjen kjem til klassen for å lage og dele eit måltid saman.
BlomkålBattle handlar i botn og grunn om meir enn ein konkurranse. Det er ein arena for å skape interesse, byggje sjølvtillit og vise fram moglegheitene som ligg i matfaget. For nokon kan det også vere starten på ei vidare retning.
Det var likevel ikkje berre det faglege som stod i fokus. Stemninga på kjøkkenet bar preg av samarbeid, nysgjerrigheit og ekte matglede.
– Det er kjekt å sjå så mange elevar som verkeleg har det kjekt med å lage mat. Noko av grunnen til at vi gjer dette er å få opp søkjartala til restaurant- og matfag, men det viktigaste er at ungdom får eit godt forhold til mat og opplever meistring på kjøkkenet, seier faglærar ved restaurant og matfag Steffen Furehaug Hovland
BlomkålBattle er eit konkret døme på arbeidet som blir gjort gjennom satsinga Sogn Naturlegvis. Prosjektet tek utgangspunkt i dei sterke matressursane i regionen, men også i utfordringa knytt til låg rekruttering til restaurant- og matfag og mangel på fagkompetanse i næringa.
Gjennom slike tiltak ønskjer ein å byggje stoltheit, auke interessa for matfag og sikre betre rekruttering til både reiseliv og næringsmiddelindustri i regionen. BlomkålBattle handlar i botn og grunn om meir enn ein konkurranse. Det er ein arena for å skape interesse, byggje sjølvtillit og vise fram moglegheitene som ligg i matfaget. For nokon kan det også vere starten på ei vidare retning.
Vi håpar dette ga meirsmak, og at nokre av elevane finn vegen tilbake som framtidige kokkeelevar ved Sogndal vidaregåande skule.
Som de ser på bildane under, så var det høgt nivå på maten vi fekk servert av elevane i konkurransen!