Påsketreffet i Vik samla folk og skapte ny energi

Årets Påsketreff i Vik vart meir enn ei hyggeleg samling i ferien. Arrangementet viste tydeleg den aukande energien og viljen til aktivitet i bygda, og samla om lag 110 deltakarar på tvers av alder, bakgrunn og tilknyting til regionen.

Her møttest fastbuande, studentar som var heime i påska, fagfolk og representantar frå både små og større verksemder. Mellom dei som deltok var aktørar som Sognekraft, Fresvik Produkt, Sylvringen, Saferoad, Bystol, Sogn Sparebank, Highsoft, Accountor og Fosse, i tillegg til arrangørane Vik Næringsskipnad, Vik ve og vel og Sogn Næring.

Atmosfæren var avslappa, lett og entusiastisk, driven av eit variert program som tilbaud noko for alle. Frå den energiske «Bedrifts Bingo» til live standup, pizza og drikke, og ikkje minst sosiale aktivitetar som dart. Dette skapte gode møtepunkt og senka terskelen for å bli kjend på tvers av miljø.

Blikket er allereie retta framover, og vekstpotensialet er stort. Erfaringane frå årets arrangement gir eit godt grunnlag for vidare utvikling, og ambisjonane for neste år er tydelege. Vik Ve og Vel har signalisert at dei ønskjer å støtte arrangementet neste år også, noko som opnar for å løfte arrangementet ytterlegare. Under årets treff vart det òg samla inn idear til vidareutvikling, mellom anna interaktive quizar og ein meir tydeleg «afterski»-profil.

Påsketreffet er med dette i ferd med å etablere seg som ein årleg samlingsplass i Vik, og me ser fram til å bygge vidare på det!

Neste
Neste

Entreprenørskapsmessa 2026- Årdal