Meistring, møteplassar og nye moglegheiter
Vi inviterer til eit sosialt og inkluderande program, for deg som står utanfor arbeidslivet, driv med ein form for handarbeid og ønskjer inspirasjon, fellesskap og nye moglegheiter. Her samlast vi rundt hobby og handverk, deler erfaringar og byggjer meistring i lag.
Gjennom enkle og praktiske økter får du fagleg påfyll om berekraftig handverk, reparasjon og gjenbruk. Du får også innføring i korleis du kan starte ditt eige enkeltpersonsføretak og sette opp budsjett dersom du sit med ein draum om å skape noko sjølv. Kanskje ligg det ei framtid i det du allereie likar å gjere?
Programmet startar i veke 19, med ein samling omtrent kvar 6. veke (med unntak av sommarferien) ut 2026, der målet er mellom anna ein felles salsbod på julemarknaden i Sogndal sentrum.
Sogn Næring har eit tett samarbeid med Nav, og du vil bli fulgt opp av rådgjevaren din.
Nederst på sida finn du påmeldingsskjemaet. Frist for påmeldinger er 1. mai.
Spørsmål om programmet? Ta kontakt med Karoline eller Ida
Karoline Søvik Myklebust
karoline@sognnaring.no
Ida Brastad Ramsfjell
ida@sognnaring.no