Påpp Øpp Sogn
Påpp Øpp Sogn er ein arena for å teste idear, vise fram lokale konsept og skape meir liv og aktivitet i Sogndal sentrum.
Gjennom Påpp Øpp Sogn ønskjer vi å gi gründerar og verksemder ein stad der dei kan prøve ut nye konsept i praksis, møte kundar og få erfaring og tilbakemeldingar. Lokalet skal kunne romme ulike pop-up-konsept, arrangement, produktlanseringar og aktivitetar, og innhaldet vil difor endre seg gjennom året.
Målet er å senke terskelen for å teste noko nytt i Sogndal sentrum. Ein idé treng ikkje vere ferdig utvikla før han møter marknaden. Påpp Øpp Sogn skal vere ein stad for å prøve, lære, justere og utvikle vidare. Det kan og vere eller ein allereie, eksisterande og “ung” bedrift.
Påpp Øpp Sogn er ein del av Gründerløftet, ei større satsing på å styrke gründerskap og entreprenørskap i Sogn. Gjennom Gründerløftet ønskjer vi å gjere det enklare å gå frå idé til handling, skape fleire møteplassar og kople gründerar tettare på kompetanse, nettverk, næringsliv og marknad.
Påpp Øpp Sogn er den fysiske testarenaen i denne satsinga, ein stad der idear kan få møte folk og bli prøvde ut i verkelegheita. Vi ynskjer å teste konspeptet i Sogndal først som ein pilot, for deretter å sjå på potensialet i dei andre Sognekommunane.
Følg Påpp Øpp Sogn (pappoppsogn) på Instagram for spennande oppdateringar!
Tusen takk til Stifinga Drivkraft for støtte til Gründerløftet!