
Green Hydra er eit EU-prosjekt finansiert gjennom Interreg Europe, der målet er å styrke det politiske rammeverket for grøn hydrogenøkonomi i Europa. Prosjektet samlar 11 partnarregionar for å utveksle kunnskap, dele beste praksis og leggje til rette for berekraftig utvikling av små og mellomstore bedrifter (SMB-ar) innanfor grøn hydrogen.
Prosjektet har som hovudmål å redusere klimagassutslepp gjennom utvikling av ein konkurransedyktig og berekraftig verdikjede for grøn hydrogen. Det skal bidra til å mobilisere små og mellomstore bedrifter (SMB-ar) og gi betre tilgang til teknologi, støtteordningar og samarbeid på tvers av sektorar og regionar.
Prosjektet starta opp våren 2024 og varer i tre år, med ei påfølgjande oppfølgingsfase. I denne perioden deltek partnarane i ein serie studieturar, digitale møte og fysiske samlingar på tvers av Europa. Vi lærer av kvarandre og deler erfaringar med korleis regionar kan omstille seg til ein grønare økonomi med hydrogen som ein viktig del av energimiksen.
Sogndal kommune si rolle
Sogndal kommune er norsk hovudpartnar i Green Hydra. Kommunen arbeider med å integrere prosjektet i samfunnsplanarbeidet, og samarbeider tett med nabokommunar og lokale aktørar. Målet er å utvikle ein heilskapleg og framtidsretta politikk for grøn næringsutvikling der hydrogen får ein naturleg plass. Kommunen spelar ei sentral rolle i å samordne arbeidet lokalt, mobilisere aktørar, og syte for at innsiktene frå Green Hydra vert omsette til praktisk politikk og tiltak i Sogn.
Sogn Næring si rolle
Sogn Næring er med som regional tilretteleggar og samarbeidspartnar. Vår hovudoppgåve i prosjektet er å mobilisere næringslivet – særleg små og mellomstore bedrifter – slik at dei får innsikt i, og moglegheit til å ta del i, utviklinga av den grøne hydrogenøkonomien. Vi bidreg med vår lokalkunnskap, nettverk og erfaring frå arbeid med grøn omstilling, og ser på prosjektet som eit viktig ledd i å styrke Sogn si rolle i det grøne skiftet.
Internasjonalt blikk på Sogn
I september 2025 kjem partnarane i Green Hydra til Sogn på studietur. Då skal vi vise fram korleis vi arbeider med grøn næringsutvikling i praksis, og løfte fram lokale døme på korleis hydrogen og berekraftige løysingar kan integrerast i både offentleg politikk og privat næringsliv. Dette vert eit høve til å vise fram Sogn som eit føregangsområde innan grøn og sirkulær økonomi.
Prosjektoppdateringar:
Spørsmål om prosjektet?
Ta kontakt med Karoline om du lurer på noko om Sogn Sirkulære Biohub
Karoline Myklebust
karoline@sognnaring.no