Frå vasskraft til hydrogenverdikjede - Green Hydra-samling i Sogndal

Green Hydra er eit EU-samarbeid mellom 11 europeiske regionar, med Sogndal kommune som norsk hovudpartnar. Prosjektet skal utvikle politikk og tiltak som styrkar små og mellomstore bedrifter si rolle i den grøne hydrogenøkonomien, og bidra til EU sine klimamål om minst 55 % reduksjon i utslepp innan 2030 og netto null innan 2050. Onsdag og torsdag denne veka var Sogndal vertskommune for ein delegasjon på 10 nasjonar som deltar i prosjektet. Dei kom for å lære meir om korleis vi i regionen jobbar mot grøn hydrogenproduksjon.

To dagar med fagleg påfyll og regional innsikt

Dag 1 – frå kunnskap til politikk
Samlinga starta på Campus Sogndal, der deltakarane fekk ei innføring i korleis utdanning, forsking og industri samarbeider i regionen. Frode Bøthun, varaordførar i Sogndal kommune, ynskte velkommen og understreka kor viktig hydrogen er for det grøne skiftet i regionen. Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), viste korleis utdanning og forsking på bachelor-, master- og PhD-nivå legg grunnlag for innovasjon og regional utvikling. Kristin Myhra Sæterdal frå HVL knytte Green Hydra direkte til undervisning og innovasjon, med vekt på korleis reelle utfordringar blir kopla inn i utdanninga. Erlend Bårgard frå Sognekraft presenterte historia til vasskrafta i Sogn, og peika på kvifor hydrogen kan bli eit nødvendig supplement for fleksibilitet og lagring av rein energi. Stein Kvalsund, Hub for Ocean, viste korleis maritime aktørar samarbeider i Florø for å bygge opp ein komplett verdikjede for hydrogen og ammoniakk.

Etter dette følgde ein sesjon i Innovasjonsbygget, med innlegg frå Line Bjelde frå Sogn Næring, Joakim Systaddal frå Sogndal kommune og Hans Jakob Walnum frå Vestlandsforsking. Line gav eit innblikk i korleis økosystemet på Campus Sogndal skaper møteplassar for innovasjon og næringsutvikling. Joakim fortalte om samfunnsplanen til Sogndal kommue og korleis den blir brukt som eit politisk rammeverk for blant anna hydrogen og grøn omstilling. Til slutt fekk vi høyre frå Hans Jakob som fortalte om korleis tverrsektorielt samarbeid på campus styrkar både forsking, næringsliv og det offentlege. Deltakarane fekk deretter oppleve Campus på nært hald, mellom anna gjennom produksjon av hydrogen i Energy Lab saman med HVL-forskar Dejene Assefa Hagos.

Før lunsj fekk delegasjonen ei innføring i HyValue, det nasjonale forskingssenteret for hydrogen og ammoniakk, ved Jonathan Økland Torstensen. Studentar og forskarar presenterte eigne prosjekt, inkludert PhD-arbeid om små og mellomstore hamner som energihubbar, og bacheloroppgåver frå stunentane på fornybar energi i Sogndal.

Etterpå bar turen til Ølmheim Siderhage, med refleksjonar frå Frank Øvstetun, Sitep, om industrien si rolle i omstillinga mot hydrogen. Her fekk gjestene smake på lokal sider og mat. Dagen vart avslutta med besøk til Leikanger kraftstasjon for ei gruppe, og Baldervoll vingard for den andre, med vinsmaking og presentasjon frå eigar Leif Inge Husabø.

Dag 2 – frå lokal innovasjon til europeisk samarbeid
Andre dagen fann stad på ViteMeir på Kaupanger, eit døme på korleis store prosjekt blir til gjennom tett samarbeid mellom offentleg og privat sektor. Delegasjonen blei ynskja velkommen av dagleg leiar Gry Høyheim på ViteMeir som fortalde historia om korleis vitensenteret vart realisert. Deretter leia John Kroken frå Sygnir/Sognekraft og Kristin Myhra Sæterdal frå HVL ei omvising i energiutstillinga. Vidare fekk deltakarane ei innføring i to ulike hubbsatsingar i regionen vår. Geir Hansen frå Årdal Utvikling delte erfaringar frå etableringa av Årdal Teknologipark, som er eit viktig senter for kunnskap og innovasjon i industrisamfunnet Årdal. Deretter avslutta Karoline Søvik Myklebust frå Sogn Næring med å presenterte Sogn BioHub og korleis prosjektet koplar regionen til Grøn Region Vestland sitt arbeid med sirkulære verdikjeder.

Samlinga vart runda av med ein workshop leia av Torunn Hønsi frå Vestlandsforsking, der deltakarane diskuterte kva rolle hydrogen kan spele i deira sirkulære økosystem, kva som er inputs og outputs i eit slikt sirkulært system og kva barrierar ein kan møte for å lukke kretslaupet i økosistemet.

Samlinga viste at Sogn ikkje berre er ein region med store ressursar, men òg med eit sterkt samarbeid og evne til å skape framtidsretta prosjekt med europeisk relevans. Delegasjonen fekk oppleve Sogn si satsing på grøn energi frå fleire perspektiv. Måten ein klarar å koble offentleg og privat sektor med forsking og utdanningsmiljø, saman med naturressursane i regionen er våre største fortrinn i å lykkas med store innovative priosjekt.

Neste
Neste

Byfolket fekk smaken av Sogn på Bergen Matfestival