Green Hydra-samling i Polen, grøn omstilling frå utdanning til industri
I desember deltok partnarar i Green Hydra på den femte internasjonale prosjektsamlinga, som denne gongen vart arrangert i Lublin i Polen. Samlinga samla offentlege aktørar, næringsliv og kunnskapsmiljø frå fleire europeiske regionar, med mål om å dele erfaringar og styrkje regionale verkemiddel for grøn hydrogen og berekraftig omstilling.
Frå Noreg deltok Karoline Myklebust og Line Bjelde frå Sogn Næring, Bente Mosseige Ask frå Sogndal kommune, Torgeir Skålid frå Sogn kommunale oppgåvefellesskap, og Kristen Reikvam Ravnestad frå SFE.
Frå utdanning til arbeidsliv i den grøne omstillinga
Vertskap for samlinga var Lubelskie-regionen, og dag éin hadde særleg fokus på korleis utdanningssystemet kan støtte overgangen til eit grønare arbeidsliv. Gjennom presentasjonar og diskusjonar fekk deltakarane innsikt i korleis yrkesfag, høgare utdanning og tett samarbeid med næringslivet kan byggje kompetanse innan grøn teknologi, elektromobilitet og hydrogen.
Det vart mellom anna presentert døme frå vidaregåande skular som tilbyr moderne yrkesopplæring retta mot framtidas transportløysingar, og frå teknisk universitet i Lublin, som har hydrogen og grøn energi som sentrale satsingsområde. Erfaringane viste korleis investeringar i kompetanse og menneske er avgjerande for regional innovasjon og verdiskaping.
Hydrogen i praksis, transport og energisystem
Samlinga gav også konkrete døme på bruk av hydrogen i offentleg transport. Deltakarane besøkte kollektivselskapet i Lublin, som allereie har hydrogenbussar i drift og har inngått avtale om ytterlegare utrulling. Dette illustrerer korleis offentlege innkjøp og langsiktig planlegging kan vere ein viktig drivkraft for marknadsutvikling og teknologiutprøving.
Eit anna sentralt innslag var studiebesøk til Bogdanka-kolgruva, som er i gang med ei omfattande omstilling frå fossil energiproduksjon til ei breiare satsing på fornybar energi, energieffektivisering, sirkulærøkonomi og hydrogen. Besøket gav verdifull innsikt i korleis tung industri kan spele ei rolle i det framtidige hydrogensystemet, samstundes som arbeidsplassar og lokal verdiskaping blir ivaretekne.
Relevans for Vestlandet og Sogn
For deltakarane frå Sogn og Vestland var samlinga særleg relevant med tanke på korleis regionale verkemiddel, kommunar, energiselskap og næringsapparat kan samhandle betre for å støtte grøn omstilling. Erfaringane frå Polen viser kor viktig det er å sjå utdanning, næringsutvikling, transport og energisystem i samanheng, og korleis hydrogen kan vere ein del av løysinga der lokale føresetnader ligg til rette.
Green Hydra-prosjektet jobbar nettopp med å styrkje regionale og lokale policyverkemiddel for grøn hydrogen, gjennom erfaringsdeling og overføring av gode løysingar mellom europeiske regionar. Samlinga i Lublin gav nyttig fagleg påfyll og konkrete døme som kan nyttast vidare i arbeidet i Sogn og på Vestlandet.