Våre oppdragsgivarar


Sogn Næring arbeider på oppdrag. Våre hovudoppdragsgivarar er:

Sogndal kommune er vekstkommunen og utviklingslokomotivet i Sogn. Kommunen er ein av kommunane i landet som opplever det raskaste veksten og er av SSB spådd å ha den yngste befolkninga i landet i 2050.

Kommunen har eit breidt næringsliv med næringsmiddelindustri, småindustri, landbruk, handel, reiseliv og teknologiverksemder som dei største. Her finst og store utdannings- og forskingsinstitusjonar på Campus i Sogndal, her vi og har eit komplett nasjonalt, regionalt og lokalt utviklingsapparat for næringslivet lokalisert. I Leikanger finn ein og ei rekke arbeidsplassar knytt til fylkesadministrasjon og regional statleg forvaltning.

Oppdraget frå Sogndal kommune til Sogn Næring er forankra i Strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling i Sogndal kommune (link). Denne vert konkretisert i årlege handlingsplanar (link) som vert utvikla av selskapet og Sogndal kommune i lag.

Sogndal kommune eig 50% av Sogn Næring AS

Saman med Sognefjorden Næringshage har vi sidan 2011 operert Siva sitt nasjonale næringshageprogram. Saman med det Aurlandsbaserte selskapet har vi bidrege inn i etablerte verksemder som har eit utviklingspotensiale, bygd nettverk, kompetanse og utvikla tenester.

Næringshageprogrammet er no under revidering, og programperioden som startar 01.01 2023 vert utlyst våren 2022. Sogn Næring sitt fokus er å bidra til at næringslivet i Sogn får eit optimalt tilbod i den nye programperioden.

 

Vik kommune har kanskje det mest mangfaldige næringslivet i Vestland fylke. Landbruket står sterkt, det same med foredling og matproduksjon. Bygg og anlegg og entreprenørnæringa sysselset mange, det same gjer industrien. Her er eit gryande reiseliv med stor forventa stor auke i cruisetrafikk frå sommaren 2022.

Det er eit stort potensiale for utvikling i næringslivet i Vik. Kommunen har attraktive arbeidsplassar, eit godt fritidstilbod og ein spektakulær natur.

Vik fengsel utgjer det offentlege arbeidsplassane ved sidan av dei kommunale.

Vik kommune sin strategiske næringsplan (link) gjev rammene for oppdraget Sogn Næring har gjennom eit tenestesamarbeid mellom Vik kommune og Sogndal kommune. Årleg vedtek formannskapet i Vik handlingsplan for det operative arbeidet (link)

 

I tillegg har vi mindre oppdrag frå:

  • Sogn Regionråd

  • Vestland Fylkeskommune

  • Luster kommune

  • Verksemder i Sogn

  • Eigargruppa Campus Sogndal

  • Offentlege arbeidsplassar


Vi arbeida og tett med næringsforeningane i Sogn

  • Eit godt organisert næringsliv er berande element i oppdraga frå kommunane.

    I Sogndal er bedriftene organisert gjennom Sogndal Næringsforeining. Her er bedriftene medlemmer individuelt eller gjennom dei lokale organisasjonane Kaupanger Næringsforeining, Opplev Fjøra, Fjærland Næringssamskipnad, Opplev Leikanger, Balestrand Næringsforum og Amfi Sogningen.

    Organisasjonen har fokus på felles utfordringar og mogelegheiter for næringslivet og nyttar Sogn Næring som sitt operative organ knytt til utviklingsarbeid.

    Sogndal Næringsforeining eig 50% av Sogn Næring AS

  • I Vik er det lange tradisjonar for at størstedelen av næringslivet er organisert i Vik Næringssamskipnad. Organisasjonen er ein viktig medspelar både for kommune og Sogn Næring.

    Gjennom dialog og samhandling med næringssamskipnaden, får både kommune og Sogn Næring viktige innspel til arbeidet og hjelp til å prioritere. Næringssamskipnaden tek og initiativ til viktige fellestiltak på td rekruttering, omdøme, kompetansebygging og arangement.

  • Kaupanger næringsforening

  • Item description