
Årsmelding 2024
Våre fire strategiske innsatsområde:
Grønn omstilling
Reiseliv, mat og drikke
Gründer og entreprenørskap
Regional utvikling
Innleiing
I 2024 har vi arbeida målretta med å bidra til å utvikle næringslivet i Sogn. For å sikre god leveranse til oppdragsgivarane våre, har organisasjonen satt eit rammeverk med fire strategiske innsatsområder - grøn omstilling, reiseliv, lokal mat- og drikke, gründer og entreprenørskap og regional utvikling. Rammeverket har sikra at organisasjonen har jobba strukturert og målretta. Dette har gitt dei tilsette rom for å utvikle sine ansvarsområder, noko som mellom anna har resultert i fleire nye finansieringskjelder og samarbeidspartnarar.
Sogndal og Vik kommune er framleis dei største oppdragsgivarane våre, og er soleis viktige premissleverandørar for arbeidet vårt. Det vert jobba tett og godt saman med begge kommunane, med faste møtepunkt mellom administrasjonen i kommunen og leiinga i selskapet. I tillegg til kommunane har vi hatt gleden av å samarbeide med andre oppdragsgivarar, som Vestland fylkeskommune, Sogn kommunale oppgåvefellesskap og Innovasjon Norge. Desse har vore avgjerande for prosjekt som Sogn Sirkulære Biohub på Kaupanger, mat og drikke, og ny regional profil for Sogn. Gjennom slike samarbeid har vi både fått til finansiering – som Vestland fylkeskommune sin støtte til biohub-prosjektet – og nettverket som krevst for å realisere engasjerande initiativ som gir verdi til næringslivet.
Selskapet har dei siste åra fokusert på å bygge ein kompetent organisasjon, med kapasitet til å ta på seg fleire oppdrag og initiere eigne utviklingsprosjekt. Denne strategien har selskapet lukkast med gjennom ei stadig i auke i omsetning, som har gitt selskapet anledning til å auke bemanninga. I 2024 hadde Sogn Næring ei omsetning på omlag 7,5 millionar kroner, 5 fast tilsette og ein delt Stilling med HVL skape.
I løpet av 2024 har selskapet gjennomført over 70 arrangement og møteplassar. Organisasjonen er ein attraktiv samarbeidspart og sentral aktør for regionalt utviklingsarbeid.
Denne årsmeldinga gir eit innblikk i året som har gått – i resultata vi har oppnådd, i samarbeidet med viktige partnarar, og i draumen vi deler om eit Sogn med fleire grøne og nyskapande verdikjeder, meir levande lokalsamfunn, og grøn vekst på lang sikt.
- Line Bjelde, dagleg leiar Sogn Næring
Om selskapet
Sogn Næring er eigd av Sogndal kommune og Sogndal Næringsforening. Selskapet skal utføre oppgåver innan nærings- og samfunnsutvikling på̊ vegne av eigarar og andre oppdragsgjevarar. I dag er Sogn Næring eit selskap med 6 tilsette (5,5 årsverk), der ei av stillingane er delt med HVL Skape. Teamet er satt saman av ein brei kompetanse som utfyller både kvarandre og behovet til oppdragsgjevarane på ein god måte. Sogn Næring sitt arbeid spenner frå̊ å inspirere gjennom ulike arrangement, til å vere støttespelar i utviklingsprosjekt i ei bedrift. Sogn Næring skal både sette dagsorden, vere pådrivar og initiere til prosjekt, og dessutan fasilitere og koordinere i implementeringa av eit prosjekt. Selskapet si rolle vil vere størst i den første fasen, når ein skal inspirere til aktivitet. Rolla og tidsbruken vil bli mindre som pådrivar og støttespelar i konkrete prosjekt.
Styret og dagleg leiar vurderer arbeidsmiljøet som godt. Tilsette har høve til å nytte ein time kvar veke til trening, og selskapet har treningsavtale med Idrettssenteret AS. Det er ikkje meldt om ulukker eller skadar i perioden, og sjukefråveret har vore minimalt. Verksemda medfører ikkje utslepp eller forureining som kan vere til skade for det ytre miljø.
Sogn Næring har ein rekkje oppdragsgivarar og finansieringskjelder:
Sogndal kommune
Vik kommune
Vestland fylkeskommune
Sogn Regionråd
Sogn kommunale oppgåvefelleskap
Prosjektfinansiering frå stiftingar og private verksemder
Tilsette
-
Line Bjelde
Dagleg leiar
Line har ein bachelor i marknadsføring frå BI og ein master i strategi, organisasjon og leiing frå Copenhagen Business School. Line har ei brei arbeidserfaring som strekker seg frå å ha starta treningssenter i Bodø til å koordinere kraft-utbyggingar i Sognekraft. Line har vore tilsett i Sogn Næring sidan 2020 og er involvert i det meste som forgår i selskapet. Ho er særleg interessert i korleis ny teknologi og digitalisering kan påverke utviklinga av nye grøne forretningsmodellar. Line har òg eit stort engasjement for lokalt næringsliv. -
Karoline Søvik Myklebust
Forretningsutviklar
Ansvarleg for grøn omstilling
Utdanna innan økonomi med fokus på finans, strategi og leiing. Ho er opptatt av berekraftig utvikling som skal gagne både samfunn, miljø og næring. Karoline har ansvar for rettleiing mot etablerte bedrifter, så om du ynskjer nokon å sparre med i utviklingsprosjekt eller har spørsmål om finansiering er Karoline den rette å kontakta. -
Ida Brastad Ramsfjell
50% Sogn Næring / 50% HVL Skape
Ansvarleg for gründer og entreprenørskap
Ida kjem frå Konnerud i Drammen, men har teke utdanninga si i Oslo. Ida har ein master i "utdanningsvitenskap" og har arbeidd som lærar, og seinare hjelpt ungdom innanfor psykisk helse til å koma i arbeid og skule. Ho har alltid tykt at kreative prosessar er spennande, og likar å hjelpe andre på vegen mot sine mål. Ida har ein delt stilling mellom Sogn Næring og HVL, og ho skal arbeide mest inn mot studentar og skule. Eit av måla til Ida er å knytte studentar og elevar tettare til lokal- samfunnet. -
Sigrid Skjærdal
Rådgjevar
Ansvarleg for reiseliv, mat- og drikkeSigrid er journalist i botn, med naturbasert reiseliv på toppen. Utdanninga har ho frå Høgskulen i Volda og HVL i Sogndal. Tidlegare har ho arbeidd i NRK og Sogn Avis, og som leiar for musikkfestivalen Vinjerock. Ho vaks opp tett på reiselivet og lokalmatproduksjon i Aurland, og brenn for å utvikla denne næringa i heile Sogn. I Sogn Næring arbeider ho med ulike prosjekt og arrangement, og hjelper aktørar med å spissa merkevara si basert på dei gode kvalitetane vi har i regionen.
-
Bård Basberg
Rådgjevar
Ansvarleg for regional utviklingBård er siviløkonom med ein master i marknads- føring og innovasjon frå HVL, og det nyaste medlemmen i teamet. Han har drive for seg sjølv som fotograf i mange år, og har såleis førstehands- kjennskap med å skape og drive eiga verksemd. Bård har vore tilsett i det Sogndalsbaserte skimerket SGN skis sidan oppstarten, dei siste åra som marknadsansvarleg. Herifrå har han fått ei særleg interesse for marknadsføring, merkevare- bygging og god historieforteljing.
-
Henrik Skyttermoen
Rådgjevar
Ansvarleg for arrangement & FUSFødd og oppvaksen i Lillehammer og er ein av dei mange skiglade tilflyttarane i bygda. Etter seks år i Sogndal har han gått over til å bli fulltids- vestlending, og manglar berre dialekta. Han har bakgrunn frå reiselivet, både frå jobb og studium, og ein mastergrad i innovasjon og marknadsføring frå HVL. Med eit engasjement for reiseliv, innovasjon og næringsutvikling er Henrik ein god støttespelar for teamet I Sogn Næring arbeider han med vidareutvikling av FUS-lokasjonen og har hovudansvaret for alt av arrangement.
-
Frida Pedersen Bekkestad
Jobber med HVL Skape-aktiviteter ved campus Sogndal, høgskulen sin satsning på innovasjon og entreprenørskap. Delt stilling mellom HVL Skape og Sogn Næring.
Våre fire strategiske innsatsområde
Vi jobbar langsiktig og målretta innan fire prioriterte område som gir retning for arbeidet vårt. Desse satsingane er forankra i behova til næringslivet og regionen, og dannar fundamentet for utviklinga vi ønskjer å skape saman med partnarane våre.

Grøn omstilling
Arbeidet innan grøn omstilling i 2024 var prega av fleire større prosjekt. Sogn Sirkulære Biohub blei etablert som ein del av Grøn Region Vestland, med mål om å fremje sirkulær bioøkonomi i heile Sogn. Prosjektet har base på Kaupanger, eit industriområde med over 60 verksemder og 1 200 arbeidsplassar. Her vert det arbeidd med å utnytte bioressursar frå skogbruk, landbruk og havbruk til ny verdiskaping.
Strategisk samarbeid
Vi har arbeida tett med Natural State for å jobbe fram ei regional materialstraumsanalyse. Vi lukkas ikkje å hente inn midlar til å gjennomføre analysen i det omfanget vi ynskja. Men vi lukkas med å arrangere ein workshop og eit kick-off-arrangement på ViteMeir i juni.
Finansiering
Vestland fylkeskommune løyvde 789 000 kroner til vidareutvikling av prosjektet, med fokus på industriell symbiose og etablering av pyrolyseanlegg.
Internasjonalt samarbeid
Sogn Biohub vart tatt opp i Nordic Circular Accelerator, eit program under Nordisk Ministerråd. Dette har gitt tilgang til eit nordisk nettverk og deltaking i samlingar i København og Helsinki.
Kartlegging og analyse
Saman med Vestlandsforskning og EPOS Consulting har vi starta arbeid med materialstraumsanalyse og energikartlegging på Kaupanger.
Ombruksprosjekt i samarbeid med SIMAS og Omatte
Gjennom året har vi samarbeida tett med SIMAS og Omatte om ombruks og reparasjonstilbod i Sogndal sentrum. Dette prosjektet er ein del av Sogndal kommune sitt klimabudsjett 2024–2027. Tiltaket fokuserer på å utvikle sirkulære og berekraftige verdikjeder og ombrukstilbod i tettstadane. I Prosjektet har vi køyrd ein test på fus tilbod for gründerar innan ombruk og reparasjon.
Kommunikasjon og synleggjering
Nettsida sogncircular.no vart lansert med ny logo og profil. Vi har også vore aktive på Facebook og LinkedIn for å dele oppdateringar og engasjere lokalsamfunnet.
Vegen vidare
Arbeidet med grøn omstilling held fram i 2025 med fokus på:
Vidareutvikling av Sogn Sirkulære Biohub.
Gjennomføring av materialstraumsanalyse og energikartlegging.
Etablering av berekraftsnettverk og kompetanseheving internt.
Planlegging av nye arrangement og prosjekt i samarbeid med lokale aktørar.
I løpet av 2025 vil Sogn Næring bli Miljøfyrtårn sertifisør og kan tilby dette til bedrifter i heile Sogn.
Dette året har lagt eit solid grunnlag for vidare arbeid med grøn omstilling i Sogn, og vi ser fram til å byggje vidare på desse initiativa i 2025.

Reiseliv, mat og drikke
I 2024 delte vi oss for alvor inn i innsatsområdene våre, der mat, drikke og reiseliv er eitt viktig område. Både i regionen og i kommunane vi jobbar med, er det mykje aktivitet i næringslivet og vilje i det offentlege til å sjå desse områda i felleskap.
Mat- og drikkeopplevingar i Sogn - arbeidet med mat- og drikkeambassadør Tonje Torvanger
I juni fekk vi tilslag frå Spareabankstiftinga til prosjektet “ mat og drikkeopplevingar i Sogn”, og arbeidet med rekruttering til matfaglege yrke og restaurant og matfag. Med det gjekk vi frå fase 0 i prosjektet, til fase 1. Gjennom 2024 hadde vi fleire aktivtietar; inspirasjonssamling på Vitemeir med elevar frå 10. klassar i heile Sogn, Tonje hadde økter med elevar på vidaregåande og var på besøk hos 10. Klasse i heile regionen.
Ei av dei store satsingane var Bergen matfestival. Dit reiste 15 mat og drikke produsentar og representantar frå styringsgruppa. Alm gard, Haugen gardsmat, Årethun foredling, Undredal stølsysteri, Elvebakken gardsysteri, Bøtun gard, Skjerdal stølsysteri, Vikja, Sognefjorden kaffibrenneri, Lomelde gard, Balhom/Ciderhuset, Ølmheim Siderhage, Vestavin, Odelsgut og Amble gård deltok. Det vart produsert mykje foto og video både før og under festivalen, og Sogn fekk god profilering i eigne og Matarena sine kanalar.
I tillegg vart det gjennomført fleire arrangement;
Inspirasjonskveld for bønder i Vik
Innovasjonskveld for kvinner i landbruket (saman med Skogselskapet)
Fagdag for lokalmatprodusentar (saman med kompetansenettverket for lokalmat Vest)
Sogn frukt- og siderlaug
Sogn næring er leigd inn for å koordinere arbeidet til Sogn frukt- og siderlaug gjennom ei samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune. Det er to innsatsområde: kommunikasjon og merkevare, og kompetanse og rekruttering.
Sogn næring leia årets første produsentsamling for å definere kva «Sider frå Sogn» skal stå for: kvalitet, mangfald og fellesskap. Dette danna grunnlaget for ny grafisk profil, som er under ferdigstilling våren 2025.
Det blei laga og delt ut 3000 brosjyrer med informasjon om siderprodusentane i regionen, som vart distribuert til campingplassar og hotell i regionen. Arbeidet med hotella og restaurantane i Sogn har auka. Siderlauget jobbar med eit forslag til felles sidermeny og produktoversikt til bruk i horeca-marknaden.
Det har vore målretta arbeid med å rekruttere nye produsentar. Ei stor fagsamling vart arrangert i april med Gabe Cook, ein verdsleiande sider-ekspert. Ein studietur for nye produsentar vart gjennomført i november med besøk hjå Amble, Odelsgut og Ølmheim. Oppfølging blei gitt i samarbeid med rådgjevarar i kommunane og kompetansenettverket for lokalmat.
Samarbeidet mellom Sogn Næring og kommunale landbrukskontor har resultert i ein modell for oppstartsstøtte, som inkluderer nettverk, rådgjeving og moglegheit for vidare støtte gjennom Innovasjon Norge.
Totalt har rekrutteringstiltaka ført til sju nye personmedlemmar og fleire potensielle nye verksemder i siderlauget.
I tillegg gjennomførte vi fleire fagsamlingar for medlemmene i siderlauget gjennom heile 2024, og byrja planlegging av studietur til England i mars 2025.
Besøksforvaltning og reiseliv
Henrik Skyttermoen har delteke i Vestland fylkeskommune sitt prosjekt for besøksforvaltning som starta opp i 2024. Han representerer Sogndal og Vik i arbeidsgruppene.
Sogn næring er med i styringsgruppa for masterplanen for reiseliv i Sogn, som Visit Sognefjord leiar på vegne av alle sognakommunane.
I Vik var den auka cruisetrafikken på agendaen i 2024. Sogn næring gjennomførte, saman med ei arbeidsgruppe beståande av to medlemmer frå Vik næringssamskipnad og to frå Vik kommune, ei kartlegging blant næringsliv og landbruket. Rapporten vart lagt fram på kommunstyremøte i september, og synte mogleghietsrommet og utfordringane den auka trafikken fører med seg. Kommunestyret vedtok at det skal gjennomførast ei tolegrenseanalyse saman med resten av regionen. I tillegg vart det vedteke å gå vidare med ei destinasjonsgruppe for å koordinere mellom næringsliv, innbyggarar og kommune.

Gründer og entreprenørskap
Gjennom 2024 har vi arbeidd målretta for å styrke gründersatsinga i Sogn.
Gründerrettleiing og henvisningskompetanse
Vi har gitt kontinuerleg rettleiing og oppfølging av gründerar gjennom året. I 2024 fekk vi 20 gründerhenvendingar gjennom våre protaler. Vi jobbar med å sikre eit godt, aktuelt og attraktivt tilbod for gründerar i Sogndal og resten av Sogn. I tillegg til å støtte opp om dei innan sosialt entreprenørskap. I rettleiingane jobbar vi og aktivt med å kople gründerane til dei riktig aktørane, og følgje opp. Vi har mellom anna eit godt samarbeid med Kunnskapsparken Vestland, der vi tilviser fleira vidare til deira program “Rask oppstart”.
Finansiering
Ein viktig del av rettleiingsprosessen er å sikre at gründerar har kjennskap til det finansielle verkemiddelapparatet. I oktober 2024 arrangerte vi gründerkveld på FUS Sogndal sammen med HVL Skape. Her inviterte vi Kunnskapsparken og Innovasjon til å holde innlegg om deres rolle for gründere og for å synleggjere støtteapparatet på Campus. I tillegg til inspirasjon fra både studentgründere og etablerte selskap som har fått hjelp fra ulike deler av finansielle støtteapparatet. Også ved arrangementer som Fjellpitch, setter vi av tid til presentasjon av hjelpemiddelapparatet her i Sogn.
Samarbeid med HVL Skape
Vi har jobba tett med HVL Skape gjennom felles rettleiingar og fleire arrangement (bla. Fjellpitch, gründerkveld, Innovasjonsdagen, lunsj med påfyll). Vi ser at det styrker deltaking på arrangement ved å ha både studentar og den lokale befolkninga i Sogn. Slike arrangement skapar også moglegheit for nettverking for studentane ut mot næring- og arbeidsliv og vica versa. Ved et samarbeid med HVL Skape har vi også synleggjort “trappa” i verkemiddelapparatet her i Sogn med HVL Skape- Sogn Næring- Kunnskapsparken- Innovasjon Norge. Dette senker terskelen for studentar til å ta kontakt med verkemiddelappratet.
Mobilisering
For å gjere studentar og elever betre kjend med teneste til Sogn Næring og resten av verkemiddelapparatet, har vi blant annet arrangert en rekke arrangement. Fjellpitch har utvikla seg til å bli eit årleg arrangement i februar. Arrangementet vert gjennomført i samarbeid med Kunnskapsparken og HVL Skape, med støtte frå fleire eksterne aktørar til finansiering og premiar. Fjellpitch er ein viktig møteplass for å mobilisere nye gründerar med både eit lite push og finansiering, samt eit konkret døme på korleis vi kan synleggjere funksjonen til verkemiddelapparatet i praksis.
Vi arrangerte også ein inspirasjonslunsj under Sirkulærdagen på HVL, i tett samarbeid med HVL Skape. Her deltok fleire lokale aktørar, mellom anna SIMAS og SmakeMeir, og studentgründerane Lappe heldt ei presentasjon om si gründerreise. Lunsjen hadde som mål å inspirere til nye løysingar og auka gründerskap innan sirkulær økonomi.
Saman med økonomi og administrasjon på Høgskulen, arrangerte vi Økonomidagen 24 (som no har blitt eit årleg arrangement). Målet med arrangementet er å knytte studentane nærmare praksisfeltet, der bedrifter frå heile Sogn kjem for å presentere seg sjølv og for å bli betre kjend med studentane.
I august , kvart år, står vi saman med HVL Skape i sentrumsparken der alle dei nye studentane kjem for å få informasjon om tilboda i Sogndal. Her kjem vi i kontakt med fleire som er har ein idé dei kanskje ynskjer å gå vidare med.
Innovasjonsdagen Sogn har etablert seg som eit årleg arrangement i samarbeid med Kunnskapsparken, og med støtte frå fleire eksterne aktørar. Målet med dagen er å skape inspirasjon, fremje innovasjon og gi deltakarane høve til å byggje nettverk på tvers av bransjar. Hausten 2024 deltok også fleire studentar, noko vi forsøker å forbetre f å styrkje koplinga mellom utdanning og næringsliv.
Ungt entreprenørskap
Vi ynskjer å inspirere fleire unge til å tenke nyskapande og innovativt, og er derfor kobla på arbeidet til Ungt Entreprenørskap. I april deltok Sogn Næring og HVL Skape som jurymedlemmar under Entreprenørskapsmessa, som i 2024 vart arrangert i Lærdal. Messa er ein viktig arena for å synleggjere elevane sine idear, skape motivasjon og gi dei tilbakemelding frå fagpersonar og næringsliv.
I september var Sogn Næring og HVL Skape med som arrangørar av Innovasjonsdagen for 10. trinn i heile Sogn, for andre gong, på Campus Sogndal. I samarbeid med System for styrka Læring. Ungt Entreprenørskap og HVL. Sogn Næring hadde eigen stasjon med informasjon om kva det vil seie å vere gründer i Sogn, og korleis ein kan kome i gang. Elevane fekk høyre inspirerande innlegg frå unge, lokale gründerar og studentgründarar som delte eigne erfaringar. HVL Skape stod for pitchestasjon med UE.
Vegen vidare:
Vi vil fortsette med arbeidet frå 24 og jobbe med å skape ein enda større gründer- og entreprenørskapskultur i Sogn. Dette vil vi gjere gjennom kontinuerlege gründerrettleiing og arrangement. Nokon av arrangementa vi tidlegare har arrangert har som nemt blitt årlege, både dei vi arrangerer aleine og i samarbeid med andre. Men vi vil og fortsette med å sjå etter nye spennande og relevante arrangement som kan sjåast som attraktive for elever, studentar, næringsliv og den generelle befolkninga i Sogn.
Vi vil og vere kobla på spennande prosjekt som Teknojenter, som har som mål å få fleira jenter på Sogn til å velje teknologifag.
Gjennom året har vi hatt kontinuerleg gründerrettleiing og vore til stades på ei rekkje møteplassar der gründerar får vise fram ideane sine, møte andre i same situasjon, og få fagleg påfyll:
Fjellpitch (februar) – i samarbeid med Kunnskapsparken Vestland, HVL Skape m.fl. Her fekk oppstartsbedrifter trene på pitching og møte potensielle investorar og verkemiddelaktørar.
Inspirasjonslunsj (mars) under Sirkulærdagane i samarbeid med HVL Skape, med tema Forbrukarsamfunnet – eit arrangement som sette søkjelys på samfunnsansvar og berekraft i nye forretningsmodellar.
Markering av kvinnedagen (mars) på Dampskipskaien, med fokus på kvinner i næringslivet og gründerskap.
Entreprenørskapsmessa i Lærdal (april) – ein viktig arena for unge og vaksne gründerar til å presentere ideane sine og bygge nettverk.
Stand med HVL Skape i Sogndal sentrum (august) – eit lågterskeltilbod for studentar som ønskjer å vite meir om innovasjon og støtteapparatet i regionen.
Innovasjonsdagen Sogn (september) – samla aktørar frå næringsliv, akademia og offentleg sektor for deling av kunnskap og idear.
Innovasjonsdag for 10. trinn (september) – på Campus, som ein del av arbeidet med å så entreprenørskapsfrø tidleg i utdanningsløpet.
Gründerkveld på FUS Sogndal (oktober) – ein sosial og fagleg arena for deling, inspirasjon og relasjonsbygging.
Oppstart av Teknojenter (november) – eit tiltak for å inspirere fleire jenter til å satse på teknologi og innovasjon.
Gjennom dette arbeidet har vi både mobilisert nye målgrupper, styrkt koplingane mellom utdanning og næringsliv, og løfta fram gründerskap som ein reell karriereveg i Sogn.

Regional utvikling
Vi set i gang og støttar aktivitetar som går på tvers av kommunegrensene i Sogn, for å styrke samhandlinga i regionen og løfte Sogn som heilskap. Gjennom felles profilering, samarbeid og utviklingsarbeid gir vi regionen ei tydelegare stemme nasjonalt. Målet er å bygge ein sterk og synleg region med større gjennomslagskraft.
Profil og merkevare for Sogn
På oppdrag frå Sogn kommunale oppgåvefellesskap (Sogn KO) har vi i 2024 leia arbeidet med å utvikle ein felles profil for Sogn. Målet har vore å styrke regionen sin attraktivitet som bustad, studiestad og næringslokasjon, og å gjere det enklare å samarbeide om felles kommunikasjon og utvikling på tvers av kommunegrenser. Prosjektet har hatt som ambisjon å synleggjere kva vi faktisk er gode på, og å leggje grunnlaget for ein felles strategisk plattform med konkrete tiltak som kan utgjere ein forskjell.
Arbeidet har vore grundig og breitt forankra. Vi har gjennomført intervju med over 20 opinionsleiarar frå offentleg og privat sektor, henta innsikt frå statistikk og forsking, og fått prosjektet presentert i fleire regionale fora, inkludert kommunestyret i Sogndal, det kommunale oppgåvefellesskapet, Kompetanseforum Sogn og Sognaseminaret. I juni hadde vi ein bygdeverkstad i alle kommunane for å få fram perspektiva frå innbyggjarane, og gjennom hausten var det høg aktivitet med fleire workshoppar og brei medieinteresse.
Endeleg rapport og forslag til implementering blei levert til Sogn KO i desember. Prosjektet svarar ut fleire sentrale mål i den nye regionalplanen for Sogn.
Sognaklynga
Sogn Næring har vore med heilt frå starten av initiativet som vart til Sognaklynga. Det byrja med eit enkelt møte ein ettermiddag i september 2024, der bodskapen var klår: Det buttar i Sogn – og det er på tide å samle kreftene, feire det vi får til, og rette blikket framover.
Allereie i dette første møtet vart det tydeleg at fleire delte same kjensle og ønskje. Line var invitert inn, og saman med aktørar frå alle seks kommunane vart det etablert ei arbeidsgruppe under namnet Sognaklynga. Sogn Næring har vore med heilt frå starten, og har vore ein aktiv bidragsytar i å utvikle og koordinere det som raskt vaks fram som eit felles løft for Sogn.
I november 2024 vart det sett konkrete mål: Vi skulle arrangere to store felles møteplassar i 2025. Sognafest, ei feiring av alt det flotte vi har, og Sognasmart, ei vidareføring av Sognaseminaret, med fokus på utfordringar og utviklingsmoglegheiter.
Dato for Sognafest (28.02.25) vart sett før jul, og desember månad blei ein intensiv dugnad for å få alt på plass før juleferien. Sogn Næring bidrog aktivt med planlegging, kommunikasjon, marknadsføring og utvikling av profil og nettside. Det vart produsert materiell, sendt ut invitasjonar, skapt engasjement på tvers av kommunegrenser – og grunnlaget vart lagt for det som skulle bli ein historisk kveld.
Leiar- og digitaliseringsnettverk
Vi har jobba fram eit prosjekt som svarar på ei bestilling frå kommunen om å utvikle eit leiar- og digitaliseringsnettverk i regionen. Gjennom fleire økter med både interne og eksterne partnarar har vi arbeidd med å forme rammeverket for konseptet. Sogn U40 er kopla på som ein mogleg pilotarena, og prosjektet er presentert for kommunedirektøren, som no løftar det vidare i sitt nettverk. I tillegg arbeider vi med ein konkret pilot på eit leiarprogram i samarbeid med Sogn U40.
Styrekandidat Vest
Vi jobba med lanseringa av Styrekandidat Vest, som vart lansert 19. mars på Quality Hotel Sogndal. Styrekandidat Vest er ein database som koplar personar som er interesserte i styreverv, og synleggjer desse for bedrifter som søkjer styremedlemmer. Bård har hatt rolla som prosjektleiar og mellom anna jobba med profil, kommunikasjon og lanseringsarrangementet.
FUS
2024 vart eit krevjande, men lærerikt år for FUS. Etter fleire år med prøving og feiling vart det tydeleg at FUS-modellen ikkje fungerte like godt på alle lokasjonar. Med dette som bakteppe, sette vi i gang eit arbeid for å vidareutvikle modellen med mål om betre tilpassing til lokale behov og meir berekraftig drift. I løpet av året testa vi eit nytt økonomisystem for å effektivisere samhandlinga med det eksisterande bookingsystemet Office RND. Samtidig har vi utvikla ein ny modell for drifta av FUS som skal implementerast frå 2025. Her vil huseigar sjølv stå for fakturering og administrasjon, medan Sogn Næring bidreg med marknadsføring og fungerer som paraplyorganisasjon.
Status for dei ulike lokasjonane:
Campus Sogndal hadde ein noko treg start på året, men opplevde etter kvart stor auke i etterspurnad. I løpet av året vart nesten alle dei 20 faste plassane fylt opp, og det har vore stor bruk av både drop-in og faste kontorplassar. Omdømmet er godt, og fleire trekk fram det gode arbeidsmiljøet på Campus som eit viktig fortrinn.
Lærdal har også hatt god aktivitet, og modellen fungerer her.
Leikanger vart lagt ned i 2024. Drifta var ikkje berekraftig, og kostnadene sto ikkje i stil med bruken.
Andre lokasjonar har ikkje fungert som planlagt, men behovet for tiltak som FUS i fleire bygder er framleis til stades.
I 2024 har vi også vore med å etablere ein ny FUS-lokasjon i Aurland, der den lokale banken eig og driv tilbodet. Sogn Næring støttar med synleggjering og profilering av kontorfellesskapet.
Støttefunksjonar og verktøy
Bak dei strategiske satsingane våre ligg det eit sett med støttefunksjonar som gjer arbeidet mogleg i praksis. Dette er fundamentet som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre effektivt og med retning.

Arrangement, kompetanseheving og møteplassar
I 2024 har vi gjennomført heile 71 store og små arrangement!
Desse spenner frå små til større samlingar, og omfattar både kurs, møteplassar og nokre studieturar. I snitt har vi hatt seks arrangement kvar månad.
Ved inngangen til året laga vi ein arrangementsplan med om lag 30 planlagde aktivitetar. At vi har meir enn dobla dette, viser at vi er ein sentral aktør i regionen, ein aktør som ofte blir kontakta når noko skal skje. Mange av arrangementa våre kjem på initiativ frå næringslivet, og vi er flinke til å gripe slike moglegheiter og få ting til å skje.
Som tidlegare år har vi hatt fokus på nokre faste arrangement som vi ser fungerer godt. Blant desse finn vi frukostmøte, Lunsj med påfyll, næringspub og ulike rekrutteringsarrangement. Elles set vi opp arrangement der vi ser eit behov.
Det har og vore god aktivitet i nettverka våre, som har hatt jamlege samlingar gjennom året. Vi har mellom anna arrangert møte for HR-nettverket, IT-nettverket While1Create, og testa ut eit nytt nettverk med fokus på berekraft.

Kommunikasjon, merkevarebygging og marknadsføring
Kommunikasjonsarbeidet vårt i 2024 har i stor grad vore knytt til mobilisering og synleggjering av arrangement og prosjekt, men vi har òg hatt ein tydeleg strategi for å styrke eigen synlegheit og tilgjengelegheit i fleire kanalar. Innsatsen er konsentrert om fire digitale hovudflater: LinkedIn, Facebook, nyheitsbrev og sognnaring.no.
Sogn Næring sin LinkedIn-profil har hatt jevn vekst det siste året – frå under 300 følgjarar i starten av året til over 600 ved utgangen av 2024. Etter sommarferien auka vi publiseringsfrekvensen og opplevd om lag 30 % auke i reaksjonar og engasjement. Vi har òg brukt eigne, personlege profiler meir aktivt for å løfte fram både arrangement og innsatsområda våre.
I mai arrangerte vi eit LinkedIn-kurs med Fredrik Fornes i samarbeid med Framtidsfylket og Nordfjordakademiet, for å inspirere fleire bedrifter i regionen til å ta i bruk plattforma. Kurset samla 15 deltakarar og gav nyttig innsikt i kva som skapar synlegheit og effekt i algoritmane.
Nyheitsbrev
Nyheitsbrevet har hatt stabil og jamn vekst. Vi får gode tilbakemeldingar på innhaldet og arbeider kontinuerleg med å halde høg kvalitet. Samstundes er det krevjande å finne tid til både produksjon og koordinert publisering i fleire kanalar, og vi jobbar med å etablere betre rutinar.
Facebook er framleis hovudkanalen vår for publisering av arrangement og betalt annonsering. Vi publiserer jamleg, omlag to postar i veka, i tillegg til arrangementspostar. Plattforma er særleg nyttig for å nå ut breitt og mobilisere deltakarar til arrangement.
Sognnaring.no
Nettsida er ein sentral kanal for nyheiter, arrangement og innhald frå prosjekta våre. Vi prøver å halde eit nivå på 2–3 publiserte saker i veka, men ser at publiseringstempoet har gått noko ned samanlikna med 2023. Dette har ført til ein nedgang i unike brukarar per månad, men toppmånad i 2024 (februar) hadde likevel over 4000 unike besøk.
Presse
Vi har òg jobba aktivt med synlegheit i pressa, og har gjennom året fått god dekning av aktivitetane våre i Sogn Avis. Både prosjekt, arrangement og enkeltsaker har blitt løfta fram, noko som har bidrege til å styrke kjennskapen til arbeidet vårt i regionen. Vi ser på medieomtale som ein viktig kanal for å nå ut breiare og bygge truverd rundt initiativa vi er ein del av.

Næringshage-programmet
2024 har vore eit aktivt og lærerikt år for Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring som operatør og medoperatør i Næringshageprogrammet. Me har lagt ned ein stor innsats for å vidareutvikle eit sterkt, relevant og berekraftig tilbod til målbedriftene våre, og samstundes styrkt den administrative og faglege infrastrukturen rundt programmet.
Målbedrifter
I 2024 har me arbeidd med totalt 49 målbedrifter innan eit breitt spekter av bransjar – frå reiseliv og lokalmat, til småindustri, teknologi og kreative næringar. Me ser eit særleg stort engasjement hos bedrifter som ønskjer å styrke si berekraftige omstilling, auke kompetansen på digitalisering og finne nye marknader for produkta sine.
Eit hovudgrep har vore å styrke oppfølginga av kvar enkelt målbedrift gjennom strukturert bruk av utviklingssamtalar og rådgjeving. Dette har gitt oss eit godt grunnlag for å tilpasse innsatsen til behova i den enkelte verksemda.
Nokre døme:
Me har hjelpt fleire reiselivsbedrifter med å vidareutvikle heilårstilbod og pakketering for nye målgrupper.
I mat- og drikke-næringa har me jobba med produktutvikling og styrka sal gjennom samarbeid med lokale aktørar og destinasjonar.
I småindustri har me fasilitert samarbeid kring grøn produksjon, og fleire bedrifter har no planar for sirkulære løysingar.
Me har også jobba tett med oppstartsbedrifter, der fleire har nytta næringshageprogrammet som springbrett til vidare vekst.
Me ser at målbedriftene våre blir stadig meir bevisste på behovet for omstilling og kompetanse, og vår rolle som rådgjevar, fasilitator og sparringspartnar har vore avgjerande i deira utviklingsprosessar. Gjennom året har me tilbydd dei alt frå individuell rådgjeving til felles workshopar, kompetanseprogram og møteplassar med andre relevante aktørar.
Kompetanseheving og samarbeid
Internt har me deltatt på kompetansetiltak mellom annainnan digitalisering og berekraft. Dette har styrkt vår evne til å vere ein relevant sparringspartnar i ei tid med store krav til omstilling. Me har òg vidareutvikla samarbeidet med andre programoperatørar og aktørar i økosystemet, og delteke i samarbeidsprosjekt på tvers av program og organisasjonar.
Kommunikasjon og profil
I 2024 har me gjort eit løft på kommunikasjonsarbeidet. Me har arbeidd målretta med nettsida for å synleggjere aktivitetar og resultat, og for å styrke rekruttering og omdøme. Nettsida er no ei tydeleg plattform for både målbedrifter, interessentar og samarbeidspartnarar.