Lunsj med påfyll 18.11-26
Om kunst, kreativitet og sjølvutvikling med Sogn Kunstterapi: Kreativitet er også eit språk
18. november deler Julie Anett Spangebu nokre erfaringar, tankar og framtidsvisjonar kring det å drive kunstterapi i Sogn. Ho ynskjer å dele med dykk kva kunstterapi er og kan være, og korleis me kan dra nytte av å ha meir kreativitet i kvardagen.
Julie Anett Spangebu er utdanna kunstnar, sosialarbeidar og kunstterapeut, og har dreve Sogn Kunstterapi sidan våren 2026. Ho tilbyr kunstterapi 1-1, i grupper, som eigne arrangement og i samarbeid med andre aktørar.
Kva er Lunsj med påfyll?
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.