Vik næringssamskipnad inviterer til næringspub onsdag 22. mai kl. 19.00 på Blix Hotell. Dette er ein uformell og sosial møteplass for deg som jobbar i eller er interessert i næringslivet i Vik.
Denne kvelden får du høve til å bli betre kjent med Seim Gard – ein spennande gard i utvikling. Øyvind og Jenni tok over garden i 2021, og har sidan då jobba for å byggje opp att drifta med fokus på naturen sine premissar og god dyrevelferd. Dei deler historia si, utfordringane og planane for framtida – og korleis dei ønskjer å skape produkt av høg kvalitet med tydeleg opphav.
Det blir god tid til mingling, noko godt i glaset og prat på tvers av bransjar. Dette er møteplassen for å utveksle idéar, knyte kontaktar og kjenne på fellesskapet i næringslivet vårt.
Arrangementet er gratis og ope for alle, men hugs å melde deg på