Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Kva er green hydra og korleis heng eit internasjonalt prosjekt saman med energilabben på Campus

  • 2. etasje innovasjonsbygget 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Frå internasjonalt prosjekt til lokal energilab

Bruk lunsjen din til å få ein kjapp introduksjon til Interreg europe prosjektet green hydra og korleis dette prosjektet heng saman med vår heilt eigen Energilab her på Campus.

Det vil bli anledning til å bli med på omvisning av læringslabben etter presentasjonen, ca kl. 12.


Ein del av EU-prosjektet Green Hydra

Korleis kan hydrogen bli ein viktig del av det grøne skiftet? Green Hydra er eit EU-prosjekt der me skal finna nye moglegheiter for små og mellomstore bedrifter til å bli ein del av Hydrogenøkonomien. Målet er å fremje forsking, innovasjon og teknologiutvikling for å skape nye forretningsmoglegheiter i denne sektoren.

Sogndal kommune adresserer kommuneplanen som politikkinstrument i prosjektet. Kommunen ønsker å forbetre regulatoriske rammevilkår, og fremja forskning, innovasjon og teknologi hjå SMB-ar i næringa. Kommunen sitt regionale nettverk består av Sogn Utvikling, Luster kommune, Vik kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sogn Næring. Det er og ei målsetjing å etablere ei utvida lokal interessentgruppe.

Green Hydra samlar aktørar frå elleve europeiske land for å dele erfaringar og leggje til rette for berekraftig vekst i hydrogenøkonomien.

Les meir om Green Hydra her


Forrige
Forrige
24. april

Verdspolitikken sin påverknad på lokalt næringsliv

Neste
Neste
7. mai

Feilekveld på Fjøra Pub