Tilbake til alle arrangementer

Tohendigheit: Innovasjon og endringsleiing med Tore Hillestad

Påmelding finn du nederst på sia

I samarbeid med Highsoft, Sognekraft og U40 har vi i Sogn Næring vore så heldige å få vere med å arrangere noko vi verkeleg gler oss til å høyre om, nemleg tohendigheit. Ja, du spør kanskje kva tohendigheit er? Tore Hillestad er forskar, forelesar og direktør på NHH Bergen og kjem til Vik for å snakke om feltet han har spesialisert seg i. I tillegg får vi innspel frå dagleg leiar i Highsoft Atle Sivertsen og konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal.

Arrangementet var opphavleg meint for U40-medlemmar, men vi ynskjer at alle skal få høve til å høyre om dette. Derfor set me det opp to gongar i løpet av denne dagen. Eitt om kvelden for U40-medlemmar og eitt på dagtid (dette arrangementet) for alle andre. Vi ønsker å inkludere alle interesserte og sikre at ingen går glipp av å lære om tohendigheit. Dersom du ikkje kvalifiserer for eller ikkje kan delta på U40-sesjonen, er dette din sjanse til å engasjere deg og lære saman med oss.

Er du under 40 og interessert i å bli ein del av U40-nettverket? Dette er ein fantastisk moglegheit til å bli medlem og ta del i U40 eksklusive kveldssesjon. Registrer deg for U40-arrangementet og bli med på eit samfunn av likesinna unge profesjonelle med knappen under.

Meld deg inn i Sogn U40 her

Program

12.00
Tore foredrag om tohendigheit (60min)
13.00
Atle fortel korleis Highsoft implementert tohendig organisering og kvifor (30min)
13.30
Sognekraft - korleis dei har implementert tohendig organisering og kvifor (30min)
14.00
Tore stiller spørsmål til Highsoft og Sognekraft, knyter teori opp mot praksis. Tek og spørsmål frå salen. (30min)
14.30 - Ferdig

Desse skal prate

Tore Hillestad - Direktør NHH Bergen

Tore Hillestad er ein samfunnsvitar, økonom og forskar med diriktørstilling ved Norges handelshøyskole. Utdanna cand.polit. frå Universitetet i Bergen og doktorgrad om toppleiarars truverd under kriser. Spesialisert innan leiing og organisering i kunnskapsbedrifter, symbolikk i leiing, krisestyring, organisatorisk og strategisk endring, organisasjonskultur, og offentleg sektorleiing.

“I foredraget skal eg ta for meg korleis tohendigheit spelar saman med kultur, og sambandet dette har med bedrifters læringskapasitet og tilpassingsdyktigheit. I etablerte bedrifter er ofte utfordringa å finne balansen mellom behovet for fornying, iblant radikal, og å dra nytte av den eksisterande forretningsmodellen. Eit sentralt punkt blir også den viktige rolla leiarar har som "kulturelle arkitektar", for å leggje til rette for, og utvikle, ein kultur og kapasitet for innovasjon (tohendigheit), i etablerte bedrifter. Artikkelen frå Groysberg gir indikasjonar på min tilnærming.”

Atle Sivertsen - CEO Highsoft

Som administrerande direktør i Highsoft AS leiar Atle Sivertsen eit globalt datasvisualiseringsselskap som har 80 av dei 100 største selskapa i verda på kundelista, med produkta deira Highcharts. Med over 20 års erfaring innan strategi, innovasjon og forretningsintelligens, er han lidenskapeleg oppteken av å omforme data til innsikt og historier som driv utføring og resultat.

I tillegg til rolla si i Highsoft AS, sit han også i styra i selskap der han investerer. Ferdigheitene hans inkluderer forretningsmodellar, innovasjon, teknologi og internasjonal skalering. Som ein livslang student og gjesteforelesar ved ulike handelshøgskular, nyt han å dele kunnskapen og ekspertisen sin med andre for vidare utvikling og læring.

Terje Bakke Nævdal - Konsernsjef Sognekraft

Terje Bakken Nævdal sit som Konsernsjef i Sognekraft og har blant anna 17 andre rollar som styreledar og styrerepresentant i andre selskaper. Dette er ein mann som kan mye, er med på mye og har ein finger med i det meste som skjer. Terje vil ta oss gjennom korleis eit stort konsern som Sognekraft har klart å implementere tohendigheit inn i deiras arbeidskvardag.

Forrige
Forrige
27. mars

Næringspub Vik: Velkommen til Vik - afterski og jobbjakt

Neste
Neste
17. april

Lunsj med påfyll: Kvinner som finn sin eigen veg inn i teknologi-verda