Tilbake til alle arrangementer

Næringspub Vik: Velkommen til Vik - afterski og jobbjakt

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Nysgjerrig på jobb og moglegheitene som finst i Vik? Stikk innom på Blix ein kaffi eller noko anna godt i glaset etter ski, slå av ein prat med heimflyttarane og møt bedriftene som er på jakt etter arbeidskrafta di.

Du får høyre frå dei som har valt Vik på grunn av draumejobben, kort veg til fjellet, fordi dei fann huset dei ønskja seg eller fordi Vik gir moglegheita for ein god balanse mellom jobb og fritid.  

På Blix kan du treffe kjende, slå av ein prat med ein av dei mange bedriftene som held til i Vik og få eit innblikk i jobbmoglegheitene som finst for dei som hoppar i det!

Det blir mat, mange spennande folk frå næringslivet å prate med, standup og meir.

Det er gratis for publikum å delta. Meld deg på innan fredag 22. mars, og ver med i trekninga av festivalpass til Fres festival 2024!

Påsketreffet er i regi av Vik Næringssamskipnad, i samarbeid Vik kommune.

Program:

17: Mingling, bedriftstandar og afterski

18: Kvifor valde dei Vik, og kva skal til for at andre vel Vik i framtida? Historiar frå heimflyttarar, tilflyttarar og Vikjer

19: Mat og mingling

20: Underhaldning og DJ, skravling og henging

For bedrifter:
Bli med å vise fram moglegheitene som finst i Vik! Kanskje treff du framtidas jobbkandidatar?

Bedriftene får vise seg fram med stand, og det blir sett av god tid til mingling og prat med dei som kjem innom.

I fellesprogrammet frå scena får folk frå ulike delar av arbeidslivet deler sine erfaringar - kvifor valde dei Vik, og kva skal til for at andre vel Vik i framtida?

Framtidsfylket sine tips til god stand:  

  • Gode ambassadørar! Kven av dine tilsette er skikkelig engasjert og stolt over jobben sin? Tenk gjennom kven som er flink til å engasjere og glad i å snakke med nye folk.  

  • Planlegg standen din! Kva vil de formidle, og korleis gjer de det? Skal de vise fram eit nytt produkt, dykkar kulaste prosjekt, eller den kjekkaste delen av kvardagen 

  • Tenk langt fram! Har de ikkje ledige stillingar nett no? Fortel om det de kjem til å trenge i framtida. Treng de sommarjobbar? Traineestilling?  

  • Ver imøtekommande! Vis interesse for dei som kjem innom.  

  • Gjer avtalar! Følg opp dei som er innom, sett opp eit møte i etterkant eller inviter dei innom på besøk i bedrifta.  

Påmelding innan 15. mars 2024

  • Skal de delta fleire frå ei bedrift, melder kvar person på seg sjølv

  • Arrangementet kosta 500 kroner per bedrift. Det er med å finansiere underhaldninga for publikum.