Tilbake til alle arrangementer

Innovasjonskveld for damer: Korleis nytte ressursane kring oss på nye måtar?


  • Sogndal kulturhus Hovevegen 2, 6856 Sogndal Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Kva mogelegheiter finnes av ressursutnytting rundt oss? Både når det gjeld hageflekken vår, utmarka vår eller andre si utmark. Bli inspirert, engasjert og motivert på denne måndagskvelden!

Skogselskapet i lag med Sogn Sparebank, Vestland Bondelag og Sogn Næring inviterer til damekveld der vi skal snakke om nytting av landbruksressursane våre.

Kvelden passar til alle som har interesse i produksjon av grønsaker, frukt, bær og skog, i både liten og stor skala.

Det blir servert lokal ost og sider i pausen.

NB: UTSELD
Stad: Blaoboxen, Sogndal kulturhus
Dato: Måndag 20. november
Tid: Kl. 19.00-21.30
Servering: Lokal ost og sider. 18 år leg. plikt
Kjøp billettar her!

Program:

Siri Sandvik (AP), Unni Lande (NIBIO), Line Bjelde (Sogn Næring) og Aud Slettehaug (Kompetansenettverk for lokalmat) snakkar om grøn næring og virkemiddela som finst for deg som vil tenke nytt kring nytting av ressursane i landbruket.

Etter ein pause, med servering av lokal ost og sider, så deler Sigrid Henjum, Mette M. Heiberg og Ingunn Kjelstad fortelje sine erfaringar. Småbarnsmor Sigrid skal fortelje korleis det er å forsøke å vere sjølvforsynt med eit småbruk i ein travel kvardag. Mette Marie tok over familiegarden i 2013 som den første kvinna på 300 år, ho vil fortelje korleis ho har komme med nye tankar og idear på korleis ho ynskjer å drifte den tradisjonsrike garden. Ingunn vil snakke om kva me kan nytte skogen til, og kva den kan bety for oss på Vestlandet, både lokalt og regionalt.

Har du behov eller ynskjer du overnatting på Quality Hotel Sogndal, oppgi ref. 019774 ved tinging av rom (frå 20.-21.nov). Pris 1355,- (enkeltrom) og 1443,- (dobbeltrom) inkl. frukost