Vibekoding samla 24 nysgjerrige kvinner på RocketHouse
24 kvinner samla seg rundt kjøkkenbordet på RocketHouse for å utforske vibekoding. Med Claude, Cursor, GitHub og Netlify på menyen vart det ein kveld med låg terskel, mykje nysgjerrigheit og praktisk læring.
Kurset vart arrangert av GründerCampus og Sogn Næring, og alle dei 24 plassane vart fylte. Ein stor takk til RocketHouse, som inviterte oss inn og opna dørene til ein kveld fylt med teknologi, læring og skaparglede.
Målet med kvelden var nettopp å vise at ein ikkje treng å vere utviklar eller kunne kode frå før for å ta i bruk dei nye verktøya. Gjennom god rettleiing fekk deltakarane teste korleis ein kan bruke kunstig intelligens til å byggja si eiga nettside.
Det vart testa, bygd, fiksa og publisert, og undervegs var det god plass til både spørsmål og prøving og feiling.
– Alle var veldig nysgjerrige og stilte gode spørsmål, og ønskte å komme tilbake på neste arrangement. Eg koste meg veldig, seier kurshaldar Dorcas Mihio frå GründerCampus.
Ein låg terskel inn i ny teknologi
For mange av deltakarane var dette det første møtet med vibekoding. Det var også noko av poenget med arrangementet.
– Eg var litt usikker på kor mange som ville vere interesserte i eit slikt tilbod, så det var veldig kjekt å sjå eit fullt rom med nysgjerrige og engasjerte kvinner. Dorcas og Cecilie skapte ein trygg arena der alle kunne lære, stille spørsmål og prøve seg fram. Eg fekk sjølv følgje kurset og lærte utruleg mykje, seier Catarina frå Sogn Næring.
Ho håpar dette ikkje blir siste gong.
– Når terskelen for å prøve ny teknologi blir låg, ser ein kor raskt både nysgjerrigheita og skapargleda kjem fram. Vi håpar derfor å få til fleire slike kveldar i Sogndal.
Møteplassar for å prøve, lære og skape
Kvelden på RocketHouse viste også verdien av å skape uformelle arenaer der fleire får tilgang til ny teknologi og kompetanse.
For Sogn Næring handlar slike initiativ om å gjere det enklare å utforske nye verktøy, byggje kompetanse og skape nye idear, anten ein er gründer, student, tilsett i ei verksemd eller berre nysgjerrig på kva teknologien kan brukast til.
Og skal ein dømme etter interessa rundt kjøkkenbordet på RocketHouse, er det fleire som har lyst til å lære meir.