Frå moglegheiter til endring og resultat på Innovasjonsdagen Sogn
Kva skal til for å gå frå ein god idé eller ny teknologi til faktisk endring? Det var den raude tråden då næringslivet samla seg til Innovasjonsdagen Sogn. Kunstig intelligens, kundebehov, leiing, kultur og lokale gründerhistorier stod på programmet, med eitt felles utgangspunkt: Innovasjon handlar ikkje berre om å sjå moglegheitene, men om å klare å ta dei i bruk.
Saman med Kunnskapsparken Vestland og Innovasjon Norge inviterte vi til Innovasjonsdagen Sogn, som samla ein fullsett sal på Quality Hotel Sogndal. Årets tema var «Frå moglegheiter til endring og resultat», og gjennom dagen fekk deltakarane både dei store perspektiva og konkrete døme på korleis bedrifter kan jobbe med innovasjon i praksis.
Kor står næringslivet i regionen no?
Før vi retta blikket mot nye moglegheiter, var det interessant å få ein status på kvar næringslivet i regionen står i dag. Arne Sæterbakken, leiar finans i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, gav deltakarane eit aktuelt bilete av situasjonen med utgangspunkt i «Ringar i vatn».
Den nye ringverknadsanalysen, utarbeidd av Tell i samarbeid med Sogn og Fjordane Næringsråd, ser nærare på nærings- og samfunnslivet i Sogn og Fjordane. Sæterbakken delte sentrale funn og utviklingstrekk frå analysen, og gav slik eit nyttig regionalt bakteppe for resten av Innovasjonsdagen.
KI må starte med problemet, ikkje teknologien
Professor Morten Goodwin tok deltakarane inn i den raske utviklinga innan kunstig intelligens, men med eit grunnleggjande spørsmål: Kva er eigentleg problemet vi skal løyse, og er KI den rette løysinga?
Bodskapen var å starte med eit konkret og målbart problem, vurdere kva data og kompetanse ein har, og undersøkje om teknologien faktisk skaper verdi. Samstundes løfta Goodwin fram ansvar, transparens og bevisstheit rundt konsekvensane av å ta KI i bruk.
Slutt å gjette
Frå teknologi gjekk dagen vidare til marknad og kundar. Olav Mellingsæter sitt bodskap låg allereie tydeleg i tittelen på innlegget: «Slutt å gjette – kortaste veg til kundar, kapital og samarbeidspartnarar».
Her handla det om å forstå marknaden og menneska ein skal nå, og om å teste og lære framfor å basere utviklinga på eigne antakingar. For bedrifter som skal utvikle nye produkt og tenester, er det ikkje nødvendigvis den gode ideen åleine som avgjer om ein lykkast, men kor godt ein forstår behovet ideen skal løyse.
Lokale gründerar med store ambisjonar
Gudvin Steinar Haraldsson frå Ecosort og Erik Koopmans frå Flokk & Fjell viste to ulike gründerreiser med utgangspunkt på Vestlandet, men med ambisjonar langt utover regionen.
Ecosort, som vart etablert i Balestrand i 2025, utviklar teknologi for betre kvalitetskontroll og meir effektive prosessar i frukt- og bærnæringa. Selskapet har allereie fått betalande kundar og jobbar vidare med utvikling og skalering.
Erik Koopmans delte historia om Flokk & Fjell, «frå Sandane til verda». Det som starta lokalt, har utvikla seg til ei verksemd som no også sel produkta sine internasjonalt. Historia viser korleis det er mogleg å byggje merkevare og verksemd frå ein liten stad, og samstundes nå ein marknad langt utanfor Noreg.
Teknologien endrar seg, men menneska må framleis med
Louise Fuchs runda av dagen med eit anna perspektiv på endring: kva skjer med leiing og kultur når arbeidslivet er i rask utvikling?
Under overskrifta «Frå kaos til kultur, når ingen vil leiast» utfordra ho tradisjonelle førestillingar om leiing. Eit sentralt poeng var skiljet mellom formell posisjon og faktisk innverknad: Ein tittel gir ikkje nødvendigvis innverknad, relasjonar gjer det. Tillit og truverd blir bygde gjennom dei små møta i kvardagen.
Fuchs trekte også fram sjølvleiing og eigenskapar som sårbarheit, det å sjå andre, identitet og generøsitet. Bodskapen var at menneske ikkje nødvendigvis samlar seg rundt ein leiar fordi vedkomande har ein bestemt tittel, men rundt menneske og idear dei har tillit til.
Innovasjon skjer når vi gjer noko med moglegheitene
Gjennom dagen vart innovasjon belyst frå fleire sider, frå den raske utviklinga innan kunstig intelligens, via marknad og kundebehov, til gründerar som byggjer nye løysingar frå Sogn og Fjordane, og leiing i eit arbeidsliv i endring.
Fellesnemnaren var kanskje nettopp det årets tema peika på: Moglegheiter skaper ikkje resultat av seg sjølve. Vi må forstå kva problem vi skal løyse, teste ideane våre, få menneska med oss og faktisk setje endring ut i livet.