Synleggjering av HVL Skape

 

HVL Skape er Høgskulen på Vestlandet sitt studenttilbodet innanfor innovasjon og entreprenørskap. Teamet på Campus Sogndal er no i gang med å informere studentar og lokalsamfunnet om tilbodet, og korleis ein ynskjer å skape eit tettare samarbeid mellom dei to. Vår rådgjevar Ida Ramsfjell har ein delt stilling mellom HVL og Sogn Næring

Onsdag 7. desember stod HVL Skape på stand på høgskulebygget. Målet var mellom anna å nå dei studentane som ikkje hadde høyrt om studenttilbodet frå før. HVL Skape ynskjer at alle studentar, uavhengig av korleis studie dei går, skal vere med på arrangementa utover 2023. Eit av arrangementa på nyåret er «case-verkstad», som skal forgå månadleg og som er eit samarbeid med Sogn Næring. Les meir om fyrste erfaring frå eit slikt arrangement her. På standen fekk dei tilbakemelding frå ein student at det var fint å sjå at ein har eit fokus på dei ekte problemstillingane, då det er mykje meir givande enn å jobbe med dei fiktive.

HVL Skape vil fortsette å gjere tilbodet meir synleg for alle studentar, og håper å sjå fleire nye ansikt på case-verkstadane i 2023.

Har du eit spørsmål om arbeidet med studentinnovasjon og entreprenørskap? Ta kontakt med vår rådgjevar Ida Ramsfjell.  

 
 

Studentassistent Lars Røyrhus på stand

 
 
Ida Brastad Ramsfjell