Bli kjend med FUSarane: Helene Halsos i Sogndal kommune

Helene er nesten for ein veteran å rekne på kontoret i Sogndal. Ho har vore på FUS sidan januar, før dette var ho aktivt engasjert i Fjellsportfestivalen.

Kven du?

Eg er ei 28 år gammal jente frå Stange i Hedemark, som flytta til Sogndal i 2017 for å studere mellom vakre fjell i Sogn. Då eg søkte hadde eg ingen andre og tredjeplass, eg hadde allereie bestemt meg for at det var Sogndal eg skulle til. Søstra mi studerte i Sogndal tidlegare og eg fann eit miljø og ein natur som eg følte meg heime i.

Kva jobbar du med

Eg har eit engasjement i Sogndal kommune innan avdelinga for samfunnsutvikling

Der jobbar eg for å gjere naturen meir tilgjengeleg for folk med nedsett funksjon.

Dette engasjementet fekk eg sidan eg verkeleg brenn for saka og kom i kontakt med rett person i kommunen.

 

Korleis fant du oss

Eg sit på FUS fordi at avdelinga til Sogndal kommune som eg jobbar saman med er plassert her på Campus. Eg vart veldig glad for at eg vart plassert her då eg allerie hadde kjennskap til FUS frå eg var Frivillig i Fjellsportfestivalen.

 

Kva fordelar ser du med å sitje på fus og ikkje heime

For meg er det viktig å ha eit sosialt og inspirerande miljø, der eg kan dele tankar og idear, dette føler eg at eg får her på FUS.

 

Kva fordelar har ein med å velge FUS?

For meg er det viktig at me er i nærleik til andre bedrifter og kompetanse som gjer det enklare å samarbeide på tvers av verksemder.

Det er og veldig fint at FUS har fleksible opningstider som gjer at eg kan arbeide når det passar best for meg.

Og så er det jo eit stort pluss at det er lyse og fine lokaler.                         

 

Og heilt til sist, kva betyr Fus

-Har ikkje peiling, eg lurte faktisk på det seinast i morges.

Etter at intervjuobjektet fekk forklart betydninga av navnet, fall brikkane på plass.

-Dette utrykket vart jo nytta i ungdomstida!

Stian Hofslundsengen