Ein ettermiddag med kreative HVL-studentar

Kva er “design thinking”:

”Design thinking, eller designtenkning, er et samlebegrep for metoder og prosesser for utvikling av tjenester og produkter, som setter brukeren i sentrum.”
-
Utdanning.no

Onsdag 16. november arrangerte HVL Skape den første «workshopen» der studentane ga sine innspel til ein problemstilling. «Caset» kom denne gongen frå Fresvik Eldrebustader og blei presentert av Kåre Stokkenes, leier av stiftinga. Han ønskte innspel frå studentane rundt korleis eit unytta bygg dei eiar kan brukast på ein god måte.

HVL Skape ønsket at studentane skulle ha haldninga om at ein ikkje skal vere redd for å spele inn sin idé, og at det kan oppstå mykje spennenda når ein forsøker å tenkje kreativt i lag. Caset ble først presentert av Kåre, og studentane fekk så moglegheit til å stille spørsmål. Deretter jobba dei etter «design thinking»-metoden, som resulterte i mykje gode idéar og innspel.

Studentane sitt bidrag falt i smak hos Stokkenes:

«Eg opplevde ein motivert gjeng som viste stor kreativitet gjennom gode innspel, med stort spennvidde. Flott tiltak som forhåpentlegvis kan gi oss draghjelp i det vidare arbeidet med å finne aktørar som kan realisere stiftinga sitt behov, med å få aktivitet i bygget. Eg trur workshopen kan vere spennande og lærerik for alle som deltek, både dei som har behov, og dei som ynskjer å bidra».


HVL Skape-teamet (studentassistentane Jim Skarstein, Lars Røyrhus og vår rådgjever Ida) tek med seg erfaringane frå første arrangement, og ser frem til nye “workshop” over nyttår. Ein av tinga dei kjem til å sjå på er korleis ein saman med oppdragsgivaren kan jobba vidare med innspela og idéane.

Ta gjerne kontakt med Ida for ein prat om du har ein aktuell case.

aktueltIda Brastad Ramsfjell