Korleis legge til rette for eit vellykka generasjonsskifte?

I samarbeid med Sogn Næring og Sognefjorden Næringshage inviterar PwC til webinar om generasjonsskifte og eigarskifte. 

Diskusjonar rundt mogleg gjeninnføring av arveavgifta gjer at fleire bedriftseigarar ser på moglegheita for å overføre verdiar til neste generasjon. Vi ser nærmare på dei første viktige stega, relevante moglegheiter for framtidig organisering og potensielle fallgruver. 

Trine Lerum Hjellhaug i Lerum delar eigne og bedrifta sine erfaringar rundt deira generasjonsskifte. 

24. mars 2021, kl. 08.30–09.30

 Webinar

 Inga deltakaravgift

Meld deg på her!
Forrige
Forrige

No kan du søke om støtte frå kommunalt næringsfond i Sogndal

Neste
Neste

Nettbasert etablerarprogram