Nettbasert etablerarprogram

Vestland fylkeskommune inviterer deg til nettbasert etablerarprogram i Sogn og Fjordane, start 7.april 2021

Har du ein forretningsidé eller en bedrift du ønskjer du å vidareutvikle? Lurer du på korleis du skal gå fram for å utvikle prosjektet og nå dine mål? Då er dette programmet relevant for deg! Meir informasjon på Driftig.no

Kven passar dette for?

  • Programmet er for deltakarar tilhøyrande Sogn og Fjordane som ønskjer å utvikla eigen.

  • Du du kan arbeide frå heimekontor og likevel få samhandle med andre.

I løpet av programmet blir du introdusert til:

  • ein praktisk og steg-for-steg basert metode for å utvikla entreprenørskapsprosjekt

  • ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt tempo

  • rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din

Programmet går over 9 nettbaserte samlingar frå 7. til 26.april.

Mellom samlingane er det venta at du arbeider med å utvikla prosjektet ditt.

Kva seier folk om programmet?

  • «Veldig grundig, men pedagogisk opplegg. Har gleda meg til kvar samling!:)»

  • «Veldig profesjonelt opplegg - den nettbaserte plattformen for utvikling av ideen er veldig bra.»

  • «Eg har fått eit nytt og spennande nettverk. God oppbygging fagleg med litt info i forkant på onlinesamlingane, så oppgåver til neste samling og gjennomgang på neste samling. Alt i alt eit veldig bra og matnyttig kurs.»

  • «Kan verkelig anbefale etablerarkurset i regi av Vestland Fylkeskommune og Entreprenerdy. Kan sei at det ikkje var som forventa - det var betre!»

Meld deg på programmet her.

Det er avgrensa tal plassar og det er førstemann til mølla!