No kan du søke om støtte frå kommunalt næringsfond i Sogndal

Oppdatert 08.04.2021:

Det er no 32 søknadar under handsaming, og søkarane får svar på søknadar fortløpande. Søknadsportalen er stengt.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyvd midlar til kommunale næringsfond som eit tiltak mot koronakrisa. Sogndal kommune fekk tildelt kr. 1.095.748,-. Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Næringsaktør betyr i denne samanheng aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Formannskapet i Sogndal kommune vedtok i møte 17. mars 2021 å lyse ut midlane med løpande sakshandsaming og tildeling. Det vart og vedteke retningslinjer for fondet.

Det kan søkast om midlar til bedriftsutvikling og investeringar. For tilskot til bedriftsutvikling kan samla støtte frå næringsfondet som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. Det er ikkje beløpsgrense for bedriftsutviklingstilskot. For tilskot til investeringar kan samla støtte frå næringsfondet maksimalt utgjere 30% av kapitalbehovet. Maksimalt tilskot til investeringar er kr. 100.000,- per prosjekt.

I vurderinga av søknadane vert det særskilt lagt vekt på:

  • i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial

  • i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet

  • kor raskt tiltaket kan setjast i gang.

Informasjon om dette må framkome i søknadane.

Her finn du oversyn over tildelingar frå det kommunale næringsfondet i 2020.

Vi anbefaler at alle søkarar set seg godt inn i retningslinjene. Ta gjerne kontakt med oss i Sogn Næring på post@sognnaring.no om du har spørsmål eller ynskjer bistand i søknadsprosessen.

aktueltGuest User