Nye kontaktar på LinkedIn, gründeridear som vart lufta for næringslivet, og samtalar på kryss og tvers. Karrierefestivalen på Campus Sogndal viste kor mykje som kan skje når studentar og arbeidsliv møtest ansikt til ansikt.
«Eg har aldri opplevd så mykje energi i Høgskulebygget før.» - Kommentaren kom frå ein av deltakarane i løpet av dagen, og den seier mykje om stemninga.
Onsdag 21. oktober møttest studentar og næringsliv på Campus Sogndal. Studentane kom til standane med spennande tankar og idear, og fleire fekk lufte gründerideane sine for erfarne folk i næringslivet. Mange studentar gjekk heim med nye kontaktar på LinkedIn, og bedriftene knytte òg nye band seg imellom. Ein av utstillarane kunne dagen etter telje seks nye kontaktar frå regionen.
Fleire av studentane vi snakka med, ønskte å finne moglegheiter for å bli verande i Sogn etter studiane. Då er slike møteplassar viktige. Her får studentane sjå kor mange spennande arbeidsplassar og fagmiljø som finst i regionen, og møte menneska bak. Ein samtale over standbordet kan opne dører som ein e-post aldri ville gjort, anten det gjeld ein sommarjobb, eit oppgåvesamarbeid eller ein idé som treng nokon å sparre med.
Heile 38 bedrifter, kommunar og organisasjonar hadde meldt seg på, frå næringsmiddelindustri, bank og IT til forsking, reiseliv og offentleg sektor. Festivalen er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, linjeforeiningane, Saman, Framtidsfylket Vestland og Sogn Næring. Tilbakemeldingane etterpå har vore gode, og dei fleste bedriftene vil gjerne kome tilbake.
I tillegg til standane var det føredrag med mellom anna Fredrik Fornes og Linda Eide, karriereaktivitetar og workshops. Om kvelden heldt festivalen fram på Meieriet med bedriftspitch, quiz og konsert.
Dette var første gong Karrierefestivalen vart arrangert i dette formatet, og vi tek med oss mykje læring vidare. Mellom anna var programmet kanskje i overkant fullt. Neste gong vil vi gje endå meir rom til det som fungerte aller best, nemleg dei gode møta mellom studentar og bedrifter.
Sjølv var vi i Sogn Næring òg på stand og kosa oss.
– Mange av dei beste samtalane starta med eit enkelt «kva driv de eigentleg med?». Det er slik nysgjerrigheit blir til nye moglegheiter, seier Frøya Rydland Aase, rådgivar i Sogn Næring.
Vil bedrifta di kome i kontakt med studentmiljøet, gjennom praksis, sommarjobb, oppgåvesamarbeid eller som mentor? Eller er du student med ein idé? Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg vidare.
Takk til alle som var med og gjorde dagen så kjekk!