Sogn Næring er i ferd med å få nye eigarar, og responsen frå næringslivet har vore svært positiv. Alle dei seks kommunane i Sogn er no med på eigarsida, og stadig fleire private verksemder blir med. Men vi har plass til mange fleire!
Vi har ein ambisjon om å byggje eit sterkt, felles utviklingsselskap for heile Sogn. Eit selskap som samlar næringslivet og kommunane, koplar kompetanse og ressursar og tek tak i moglegheitene og utfordringane vi står overfor som region.
For skal vi lukkast med å utvikle Sogn, trur vi på å gjere det saman. På tvers av bransjar, kommunegrenser og verksemder.
Stadig fleire blir med på laget
Arbeidet med den nye eigarstrukturen går framover. No har alle dei seks kommunane, Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal, kjøpt seg inn med 5 % kvar. Det betyr at den offentlege eigardelen på 30 % er på plass, medan målet er at private verksemder skal eige dei resterande 70 %.
På den private eigarsida har vi så langt fått med oss Norway's Best, Sognekraft, Digital Etikett, EFL, Printfarm og Kort Levert. Vi er i dialog med fleire verksemder og opplever eit stort engasjement for det vi ønskjer å få til.
Ingen er for små til å vere med
Vi ønskjer ikkje at Sogn Næring skal vere eigd av nokre få store aktørar. Tvert imot. Ambisjonen er å samle eit breitt lag av eigarar som representerer mangfaldet i næringslivet i Sogn.
Difor har vi ingen nedre grense for kor mange aksjar ei verksemd kan kjøpe, og ingen eigar skal kunne eige meir enn 5 % av selskapet. Slik ønskjer vi å sikre ei brei forankring, både geografisk og på tvers av bransjar.
Det viktigaste er ikkje kor stor verksemda di er, men at du har lyst til å vere med og utvikle Sogn.
Som eigar får du vere med og påverke
Å vere eigar i Sogn Næring handlar om meir enn å eige aksjar. Det handlar om å få ei stemme i utviklinga av selskapet, og gjennom det bidra til utviklinga av regionen.
Vi legg opp til to eigarsamlingar i året, der eigarane skal vere med og diskutere moglegheiter, utfordringar og den strategiske retninga for selskapet. Målet er å skape ein arena der næringslivet og kommunane saman kan løfte blikket, finne felles satsingar og bidra til at gode idear blir sette ut i livet.
Vi arbeider med å få til den første eigarsamlinga 29. januar, i forkant av Sognafest 2027.
Nysgjerrig? Bli med på frukostmøte 18. november!
Vi inviterer til frukostmøte 18. november, der vi fortel meir om den nye eigarstrukturen, kva det inneber å vere eigar, og planane for Sogn Næring framover.
Enten du allereie vurderer å kjøpe aksjar, eller berre er nysgjerrig på kva vi ønskjer å få til, er du hjarteleg velkomen.
Vil du vere med og byggje eit sterkare Sogn? Ta gjerne kontakt med dagleg leiar Line Bjelde for ein uforpliktande prat om eigarskap i Sogn Næring.