Green Hydra i Zagreb: Nye perspektiv på grøn omstilling
I slutten av september var Green Hydra-partnarane samla i Zagreb til den sjuande internasjonale prosjektsamlinga. Frå Sogn deltok Frøya Rydland Aase og Jeppe Aagaard Jeppesen frå Sogn Næring.
Denne gongen var temaet oppskalering av innovasjon innan grøn hydrogen og moglegheitene dette kan gi for små og mellomstore bedrifter. Gjennom faglege innlegg og studiebesøk fekk deltakarane innblikk i fleire kroatiske hydrogenprosjekt, medan workshopen samla partnarane til diskusjon om utfordringar, finansiering og tiltak i dei ulike regionane.
For Frøya og Jeppe var nettopp erfaringsutvekslinga med dei andre europeiske regionane ein viktig del av samlinga. Ulike land har ulike føresetnader for grøn omstilling, og diskusjonane gav både nye perspektiv på hydrogen og inspirasjon til korleis ein kan tenkje rundt grøn omstilling, beredskap, sikkerheit og synergiar også heime i Sogn.
Hydrogen i praksis
Første dag var sett av til kroatiske prosjekt og initiativ som viser ulike delar av hydrogenverdikjeda. Vjekoslav Jukić frå det kroatiske økonomidepartementet presenterte North Adriatic Hydrogen Valley, medan Krešimir Ižaković frå NEXE Dilj viste korleis hydrogen blir prøvd ut i produksjon av takstein.
Deltakarane fekk også høyre om heilt andre bruksområde. Petar Milas frå ALTPRO presenterte HERMES-prosjektet, som arbeider med hydrogenteknologi for jernbane, medan Almir Sedić frå INDELOOP presenterte LOOPER, der avfall blir nytta som utgangspunkt for hydrogenproduksjon. Ante Čikotić frå INOVAPRO presenterte Čaporice Energy Park, som ser fornybar energi og hydrogenteknologi i samanheng.
På ettermiddagen gjekk turen vidare til tre fag- og industrimiljø i Zagreb. Her fekk deltakarane sjå løysingar for mikronett med fornybar energi og hydrogen hos Končar, produksjon av trykktankar hos Patria Composite og forsking på hydrogen og brenselceller ved Universitetet i Zagreb. Ved universitetet fekk vi også sjå ein hydrogendriven sykkel, eit konkret døme på korleis hydrogenteknologi kan takast i bruk.
Same utfordring, ulike føresetnader
Ein viktig del av samlinga var workshopen «From Root Causes to Action», leia av Hanze University of Applied Sciences. Her arbeidde partnarane saman med utfordringar og moglege tiltak for å styrkje verdikjeda for grøn hydrogen, mellom anna korleis ein kan betre føresetnadene for finansiering og deltaking frå små og mellomstore bedrifter.
Noko av det mest lærerike var å diskutere dei same problemstillingane med deltakarar frå ulike europeiske regionar. Land og regionar har svært ulike føresetnader når det gjeld kraftsystem, industri, infrastruktur, marknad og politiske verkemiddel. Ei løysing som gir meining éin stad, er derfor ikkje nødvendigvis den rette ein annan stad.
Nettopp desse forskjellane gir verdi til samarbeidet. Dei utfordrar etablerte tankesett og gir nye perspektiv på korleis ein kan arbeide med grøn omstilling ut frå eigne regionale føresetnader.
Meir enn hydrogen
For Sogn gir Green Hydra først og fremst tilgang til erfaringar, fagmiljø og perspektiv frå regionar over heile Europa.
Hydrogen er utgangspunktet for prosjektet, men mange av problemstillingane er relevante langt utover hydrogenverdikjeda. Korleis får vi ny teknologi frå pilot til marknad? Korleis legg vi til rette for at næringslivet kan ta del? Korleis kan energi og ressursar nyttast smartare? Og korleis kan nye løysingar skape synergiar mellom næringsutvikling, energisystem, beredskap og sikkerheit?
Samlinga i Zagreb gav nye perspektiv på desse spørsmåla, og inspirasjon til korleis vi kan arbeide vidare med grøn omstilling og nye verdikjeder i Sogn.
Om Green Hydra
Green Hydra er eit Interreg Europe-prosjekt der Sogndal kommune er ein av elleve europeiske partnarregionar. Prosjektet skal bidra til å utvikle og forbetre regionale verkemiddel knytte til grøn hydrogen, mellom anna gjennom erfaringsdeling, samarbeid og overføring av gode løysingar mellom regionane.
Målet er å gjere det enklare for små og mellomstore bedrifter å ta del i utviklinga av nye grøne verdikjeder, og samtidig gi regionane eit betre kunnskapsgrunnlag for arbeidet med grøn omstilling.