Opning av Påpp Øpp Sogn
No er dørene offisielt opna til Påpp Øpp Sogn! Med snorklipping, lokale gründerhistorier, smakar frå Sogn og intimkonsert markerte vi starten på ein ny stad for å teste idear og marknaden i Sogndal.
Påpp Øpp Sogn er ein stad der gründerar og bedrifter kan teste ut ein idé eller eit konsept eller ein ny marknad i eit ekte lokale, med ekte kundar. Det kan vere den heilt ferske ideen som skal prøvast for første gong, eller ei allereie etablert gründerbedrift som vil finne ut om det finst ein marknad for produkta deira i Sogn. Samtidig håpar vi å skape meir aktivitet og fleire tilbod til sogningane i sentrum.
Mange tok turen innom Parkvegen 15 då vi inviterte til opning. Ida frå Sogn Næring ønskte velkomen og fortalde om tankane bak Påpp Øpp, før den høgtidelege snorklippinga blei lagt i hendene på eit tilfeldig barn blant dei frammøtte.
Frå idé til møte med ekte kundar
Det kan vere eit stort steg frå å ha ein god idé til å satse på eige lokale, investeringar og faste kostnader. Det same gjeld for ei ung bedrift som vurderer å etablere seg i ein ny marknad, korleis veit ein om kundane faktisk er der før ein har fått prøvd?
Med Påpp Øpp Sogn ønskjer vi å gjere det litt enklare å finne ut om ein idé faktisk fungerer.
Her kan ein prøve, møte kundar, lære og justere undervegs. Kanskje viser testen at konseptet har potensial til å bli noko større. Kanskje finn ein ut at noko bør gjerast annleis. Begge delar gir verdifull erfaring.
Påpp Øpp er ein del av Gründerløftet, Sogn Næring si satsing på å gjere det enklare å utvikle idear og skape nye verksemder og moglegheiter i Sogn.
Lokale gründerar delte erfaringar
Og kva passar vel betre på opninga av ein gründerarena enn å høyre frå folk som sjølve har teke steget frå idé til verksemd?
Hansi frå Kroken Fjordgard og Kjetil frå Sognefjorden Kaffibrenneri delte erfaringar frå sine eigne gründerreiser. Kjetil stilte også med lokalbrent kaffi, medan det blei servert alkoholfri eplesider og eplemost frå Amble Gard, Ølmheim Siderhage og Eplet frå Solvorn.
Jeppe og Håvard, Sogn Næring sitt eige inhouse-band, sørgde for musikken med ein intimkonsert i lokalet.
Yama Outdoor Clothing er først ut
No er vi klare for det Påpp Øpp eigentleg handlar om: å fylle lokalet med idear som skal testast.
Først ut er Yama Outdoor Clothing, som flyttar inn i Parkvegen 15 frå 1. oktober.
Framover vil nye konsept kunne ta plass i lokalet for kortare periodar. Det betyr at det kan vere noko heilt anna som møter deg neste gong du stikk innom.
Vi gler oss til å sjå kva som dukkar opp!
Har du ein idé du har lyst til å teste? Ta kontakt med oss på grunderloftet@sognnaring.no.