Har du lyst å bli ein del av Sogn Næring?

Er du interessert i digitalisering, det grøne skiftet, sirkulærøkonomi, berekraftig reiseliv, eller entreprenørskap? Då har vi stillinga for deg!

I dag er vi ein nydeleg gjeng på 5 personar. Vi arbeida for Sogndal kommune, Vik kommune og vi har nettopp fått tildelt nye 10 år med Næringshageprogram saman med Sognefjord Næringshage. For å kunne levere på alle dei kjekke oppgåvene vi skal gjere, lyt vi ha med oss fleire på laget!

Vi ser for oss at ein kandidat har utdanning innan økonomi, innovasjon, entreprenørskap, prosjektleiing, marknadsføring eller liknande, og gjerne med erfaring frå prosjektarbeid, eller innovasjons- og utviklingsprosessar.

Arbeidskvardagen vår er ein kombinasjon av teamarbeid, sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre eksterne aktørar. Det er difor ein fordel om du er ein initiativtakar som er glad i folk og eit nokså høgt tempo.

Les meir om arbeidskvardagen vår i saka på Sogn.no


Del gjerne stillingsannonsa med folk du trur kunne vore interessert i å bli ein del av Sogn Næring.

For spørsmål, ta kontakt med Line eller Karoline

 

Frå venstre; Birgitte, Karoline, Line, Ida og Stian

 
aktueltLine Bjeldeaktuelt