24 millionar kroner til utvikling i Sogn!

1.desember blei det klart at vi, saman med Sognefjorden Næringshage, fekk tildelt SIVA sitt næringshageprogram for dei kommande 10 åra. Dette gir oss moglegheit til å fortsette arbeidet med å bidra til vekst og utvikling i Sogn, i tråd med visjonen til Næringshageprogrammet om å “skape levedyktige og framtidsretta næringsliv i distrikta”.

Gjennom Næringshageprogrammet skal vi gi bedriftene i Sogn tilgang til veiledning, og koble på utviklingskompetanse til dei som har behov for det. Vi skal også legge til rette for nettverksbygging mellom bedrifter, relevante fagmiljøer, FoU-miljøer, andre innovasjonsselskaper, investeringsmiljøer og det offentlege verkemiddelapparatet.

Vi er allereie godt i gang med å utforme handlingsplanen for 2023, og vil på nyåret koble oss til enda fleire bedrifter som ønsker å arbeide med utvikling, og med det bidra til auka verdiskaping i regionen. Saman med Sognefjorden Næringshage er vi audmjuke og takknemlege for tilliten frå SIVA, og gler oss til det vidare arbeidet med å utvikle eit berekraftig og framtidsretta næringsliv i Sogn.


Har du spørsmål om næringshageprogrammet? Da kan du ta kontakt med Karoline hos oss eller Mette i Sognefjorden Næringshage.

aktueltLine Bjelde