Alfred Bjørlo på besøk frå Stortinget

Forrige veke hadde vi besøk av Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo der eit tettpakka program, satt saman av ordførar Arnstein Menes, vart gjennomført med stram presisjon.


Å få tildelt 1,5 time til å syne fram det som skjer på Campus er ei utfordring, men med nøye planlegging og miltær tidsstyring let det seg gjere. Turen gjekk innom Gamingsenteret, Saman, innovasjonsbygget og Vestlandsforsking. Etter turen på Campus avslutta vi dagen på Vitemeir der vi mellom anna fekk presentere Kaupanger Sirkulære industripark.

Tusen takk for besøket, Alfred, vi håpa dagen gav inspirasjon og eit lite innblikk i litt av alt det spennande som skjer i Sogn.


aktueltLine Bjeldeaktuelt