Frukostmøte i Vik - reiseliv i fokus

 

FOTO: Geir Johansen presenterer sesongen 2022

Fredag 11. november var det frukostmøte på Blix hotell i Vik. På agendaen stod oppsummering av reiselivssesongen, presentasjon av HVL Skape, status frå Sogn Næring og status frå Vik Næringssamskipnad.

Geir Johansen, dagleg leiar i Sylvringen, hadde førebudd ein grundig presentasjon om reiselivssesongen i Vik. Dei frammøtte fekk eit djupdykk i kor mange skip som har vore i Vik, og kor mange passasjerar og omsetnaden dei besøkande frå skipa har generert.

Ei enorm innsats frå kommune og næringsliv har gjort det mogleg å ta i mot og selge produkt, turar og opplevingar til cruiseturistane. Konklusjonen frå åretst sesong indikerar at 2023 i alle fall ikkje vil bli dårlegare enn årets sesong.

Saman med cruiserapporten og dei erfaringane kommunen og næringa har tileigna seg i løpet av årets sesong, veit ein kvar forbetringspotensiala ligg og korleis ein skal arbeide for å sikre at næringslivet i Vik i enda større grad er i posisjon til å selge til dei besøkande frå fjorden.


HVL Skape + Sogn Næring

Saman med HVL Skape skal Ida arbeide for at lokalt næringsliv skal bli betre kjend med dei moglegheitane som ligg i å ha ein høgskule i regionen, og ikkje minst skal ein kople studentane tettare på lokalt næringsliv. Det skal gjennomførast jamnlege case, der stundentar skal få bryne seg på reelle case som blir spelt inn frå næringslivet. Den første casekvelden er allereie ein suksess; engasjerte studentar drøfta potensialet i Fresvik bygdaheim, les meir om arrangementet her.


Neste frukostmøte - 25. november; Bank og næringsliv i ei krevjande tid

Meld deg på her!

 
aktueltLine Bjeldeaktuelt