Restarte regionalt samarbeid for realistisk heilårstursime

 

Prosjektet Restarte regionalt samarbeid for realistisk heilårsturisme, delfinansiert av Vestland Fylkeskommune, går mot slutten. Sidan hausten 2021 har vi saman med Vestlandsforsking, Visit Sognefjord og lokale reiselivsbedrifter jobba med å restarte og forsterke samarbeid og utvikling i reiselivsbyger i Sogn, spesielt retta mot vintersesongen.

Prosjektet har hatt som formål å bidra til å utvikle fleire heilårsarbeidsplassar i reiselivsnæringa, noko som vil gi meir levedyktige lokalsamfunn og bygder rundt om i Sogn. Gjennom ein rekke samtalar med reiselivsbedrifter i regionen har Vestlandsforsking samla inn tidligare erfaring frå dei lovande vintersatsingane som var i gang før pandemien, for å kunne dokumentere og dele erfaringane på tvers av dei ulike destinasjonane i Sogn.

Den siste tida har det vore gjennomført samlingar i Jostedalen, Fjærland og Flåm - der vi saman med framoverlente reiselivsbedrifter har oppsummert prosjektet og ikkje minst staka ut kursen vidare for korleis bedriftene skal jobbe for å sikre samarbeid seg imellom. Dei flotte filmane har no blitt distribuert ut til ei rekke med turoperatørar, og det er allereie planlagt tur til Norwegian Travel Workshop for å syne fram og selge dei flotta destinasjonane i vinterdrakt. Prosjektet fekk også moglegheiten til å syne seg fram på Næringslivskonferansen i Flåm tidligare i oktober, som kanskje åpna augo til nokon av dei lokale på kor flotte vinterdestinasjonar dei har rundt seg.

Vi er kanskje konkurrentar til ei viss grad, men først og fremst samarbeidspartnarar og reiselivskollegaer med det same målet: å skape ein attraktiv heilårsdestinasjon!
— Torgeir Skjerdal, salssjef v/Flåmsbrygga

Vi vil takke alle deltakarane og samarbeidspartnarane som har vore med i prosjektet, og gler oss til å følje reiselivsbedriftane vidare i satsingane mot heilårsturisme. Og har du ikkje fått med deg dei flotte filmane som blei laga i prosjektet? Ta ein titt her.

 
aktueltBirgitte Karlstrøm