Har tru på turar i Norge og Europa

 

foto: Fotefar temareiser

Fotefar er ei av dei mange reiselivsverksemdene som har hatt det tøft sidan pandemien braut ut i mars i fjor. Fleire verksemder i same bransje har gått tapt, men Fotefar har kjempa seg gjennom året og kome seg gjennom den verste tida. Vi har teke ein prat med dagleg leiar Yngve Sunde, om året som har gått, om nye marknadar og forventninga til framtida.

Korleis har det siste året vore?

Det har vore eit svært utfordrande år for reisebransjen, og mange pakkereiseselskap har gått konkurs. Vi i Fotefar har komme oss gjennom pandemien mykje takka vere ei stor omstilling til reiser i Norge.

Då verda stengde ned i mars i fjor, hadde vi ei gruppe i Sør-Afrika og måtte sette alle klutar til for å få dei heim igjen. Etterpå følgde ei tid med mange tilbakebetalingar til kundar for reiser som ikkje vart gjennomførte, utan at vi fekk alle desse pengane tilbake frå leverandørane. Dei tilsette vart permitterte i 50 % nokre månader, og vi måtte bestemme oss for vegen vidare. Vi bestemde oss for å satse for fullt og legge om til turar innanlands. I år kunne vi difor presentere over 20 nye gruppereiser i Norge. Salet av utlandsturar har no også starta opp att, og vi har nettopp tilsett Marianne Ryssdal i 50 % stilling. Ho kjem frå Travelnet i Førde/Sandane som måtte legge ned drifta i pandemien, og skal først og fremst jobbe med Dag Lindebjerg sine turar til øyane i Vesterled.

Korleis har de kome dykk gjennom tida?

I fjor fall inntektene med 75 %, og vi måtte effektivisert alle delar av drifta. Det har resultert i meir effektive turproduksjon, betre kostnadskontroll, utvikling av nettsida og meir systematisk jobbing på alle nivå. Dei faste tilsette som var med gjennom pandemien og drog lasset saman, er alle no aksjonærar i selskapet.

Tilskot og lån gjennom Innovasjon Norge og tilskot frå Kommunalt næringsfond har vore avgjerande for omstillinga til Norge-turar. Vi har også hatt eit prosjekt saman med Vestlandsforsking, der vi ved hjelp av kundeundersøkingar har fått kunnskap om endring av reisevanar under og etter covid-19. Dette trur vi vil vere nyttig for utviklinga av turar framover.

Kva forventningar har de til hausten og 2022?

Vi gjennomfører mange Norge-turar no i august og september. I slutten av august er det faktisk 4 turgrupper på tur samtidig ulike stader i landet. Vi kjem til å utvikle nye turar både i innland og utland, og det kjem også fleire naturbaserte turar i Sogn. Sjølv om pandemien går mot slutten, trur vi at kortreiste turar til Norge og nærområdene våre i Europa vil selje best det første året.

Kva for turar er mest populære?

Bestseljaren vår er turen med forfattar Roy Jacobsen til Helgelandskysten, der vi har 45 personar på venteliste. Turane med Edvard Hoem og Lars Mytting og Nyttårsfeiring i Roma med operabillettar til La Traviata sel også svært godt. Elles er det stor interesse for 30-årsfeiringa til Vamp over 3 dagar på Kviknes hotell no i slutten av august med Bård Ose som konferansier. Framover vil det også komme fleire nye turar som vi har trua på, som matbloggar Nevada Berg sin smakstur til Numedal.

Kva er den viktigaste lærdommen de tek ut av krisa?

Omstillinga til Norge-turar har gitt oss eit nytt nettverk innanlands. Vi har lært mykje av å bli med i lokale nærings- og reiselivsorganisasjonar og av samarbeidet med bransjeorganisasjonen vår, Virke. I tillegg har vi lært at ein ikkje alltid må gå over bekken etter vatn. Norge har utruleg mange destinasjonar som har vel så mykje å tilby som stader i utlandet. Vi har til dømes arrangert turar til Tyskland med Edvard Hoem i fleire år, men det er meir naturleg å ta han med til romanlandskapet hans i Romsdal.


Vi i Sogn Næring er imponert over innsatsen lokalt reiseliv har lagt ned for å kome seg gjennom det krevjande året, og vi minner om at ofte er ein kortreist ferie like bra som ein tur til utlandet :)

 
aktueltLine Bjelde