Stian til Arendalsveka

 

I kontorfellesskapet Fus, på Sogndal Campus sit Stian Langeland, dagleg leiar i Wyssen Norge. Til dagen driv Wyssen med førebyggande snøskredkontroll i heile landet, men onsdag 18. august skal Stian delta i Nasjonal Rassikringsgruppe sin samtale om skredsikring av vegnettet i Norge, saman med blant andre Jenny Følling og Ivar B. Prestbakmo. Stian fortel at Nasjonal rassikringsgruppe er tydeleg på at auka bruk av førebyggande skredkontroll i Norge er heilt naudsynt for at vi skal kunne oppnå eit skredsikkert vegnett i Norge.

- Eg ser fram til å bidra med vår erfaring og kunnskap i denne viktige samtalen om Skredsikring, seier Stian samstundes som han planlegger skredsikring av fjellovergangen Årdal-Tyin.

Vi ynskjer Stian og Wyssen lukke til på arrangementet!


Er du interessert i arbeidsfellesskapet på Campus? har du lyst å sitte saman med andre grûndere og lokale verksemder? Ta kontakt så finner vi ein plass til deg!

foto: Stian Langeland

 
aktueltLine Bjelde